Cathrine Marti CEO Ulstein Group foto Ogne
SKAL VERE NYBYGGINGSVERFT: Konsernsjef Cathrine Marti i Ulstein Group understrekar at Ulstein Verft skal vere nybyggingsverft. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Marti spår comeback for ekspedisjonscruise-oppdrag

Koronapandemien har berre sett marknaden for ekspedisjonscruiseskip på vent, meiner konsernsjefen i Ulstein Group.

04.11.2021

Ulstein Verft har bygd og levert to ekspedisjonscruiseskip, og Ulstein Group har levert designet til ytterligare tre som er levert frå verft i Kina. Det skal bli meir.

- Ekspedisjonsskip kjem tilbake, sa konsernsjef Cathrine Marti på Verftskonferansen i Ålesund denne veka.

Ordreboka til Ulstein Verft har no ingen nybygg. Marti trur verftet i første omgang må basere seg på andre typer oppdrag medan skipsreiarane får hausta erfaringar med Ulstein-skipa, men målet er at Ulstein Verft framleis skal vere eit nybyggingsverft.

- Eg trur du treng ein sesong i Antarktis for å få litt fart i marknaden, seier Marti. (I Antarktis er det no sommar).

Tente pengar
Ulstein Verft gjekk med overskot i fjor for første gang på seks år, og Marti seier verftet gjekk i pluss på det siste ekspedisjonsskipet.

Koronaepidemien kom i det verftet var klart til å hauste gevinsten av dyrekjøpte erfaringar med dei første ekspedisjonscruise-skipa, fortalde Marti på Verftskonferansen.

Det førebels siste ekspedisjonscruise-skipet frå Ulstein Verft blei levert til reiarlaget Lindblad Expeditions i slutten av september i år.

Partane har ikkje opplyst prisen på skipet, men ifølgje ordreboka til Seatrade kostar det første Ulstein-skipet 135 millionar dollar, nær 1,2 milliardar kroner, medan det er venta at skip nummer to kostar rundt 1,3 milliardar kroner.

- Vi er takksame for tilliten som Lindblad har vist oss og gler oss til å sjå tilbakemeldingane frå National Geographic Resolution sine første turar, sa Marti i ei pressemelding samband med overleveringa av skipet i september.

Publisert: 04.11.2021 12:27

Sist oppdatert: 04.11.2021 15:19

Mer om