Tore gunvor ulstein iselin nybø verft oktober 2020 foto marius 11
HÅPTE PÅ PLUSS: Då Tore og Gunvor UIstein fekk besøk av næringsminister Iselin Nybø i oktober 2020, håpte leiinga på eit plussresultat for konsernet. Det gjekk nesten. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Verftet oppe av bølgjedalen

For første gong på seks år gjekk Ulstein Verft i pluss i fjor. Design og skipsinstallasjon gjekk med tap.

Marius Rosbach
04.09.2021

Rekneskapane for Ulstein Group og dotterselskapa, viser at Ulstein Verft i fjor fekk eit positivt årsresultat for første gong sidan 2013.

Allereie i sommar blei det kjent at drifta i konsernet totalt gjekk i pluss, etter ei solid forbetring av resultatet samanlikna med 2019. Men resultat før skatt likevel enda på minussida for Ulstein Group i fjor.

Framleis anstrengt økonomi
No er alle rekneskapane offentlege, og dei viser at Ulstein Verft fekk eit positivt resultat før skatt på 10,4 millionar. Omsetninga gjekk kraftig ned frå 2,2 milliardar til drygt 1,4 milliardar (sjå tabell under).

I årsrapporten skriv styret at det er gledeleg å sjå eit positivt resultat, men at eigenkapital og likviditet framleis er anstrengt – som i resten av Ulstein-selskapa.

I åra 2014 til og med 2019, gjekk verftet i minus kvart år. Til saman gjekk dei 650 millionar kroner i underskot før skatt i løpet av desse åra.

(saka held fram under)

Nathional Geographic Resolution foto Ulstein Group Per Eide Studio 44
PÅ PRØVETUR: Ekspedisjonscruiseskipet Nathional Geographic Resolution er det siste skipet Ulstein Verft har bygd. X-bow-skipet er i helga ute på offisiell prøvetur. Foto: Per Eide Studio/Ulstein Group

Historisk lite skipsbygging
Leiinga viser til at skipsbygging globalt er inne i sitt femte år med historisk låge nivå, og dei ventar ingen stor auke dei neste to-tre åra. Verftsleiinga trur likevel behovet for nye skip innan offshore, havvind, ekspedisjonscruise -og ombygging innan ropax-segmentet – kan gi auka etterspurnad framover.

Samtidig har verftet klart å halde høg aktivitet og dei hadde 270 tilsette ved utgangen av året. I tillegg hadde dei 11 lærlingar og fem TAF-elevar ved verftet.

Som kjent starta konsernet ved starten av 2021, ein prosess med å redusere arbeidsstokken med kring 100 tilsette i konsernet totalt.

Ulstein Verft
Årsresultat (i mill kr)
2020 2019
Driftsinntekter 1 430 2 199
Driftsresultat 59 -161
Res. før skatt 8 -175

Svikt og tap på design og utstyr
Ulstein Design & Solutions var framleis det nest største forretningsområdet til Ulstein Group i fjor, men fekk hardare konkurranse enn vanleg frå Ulstein Elektro Installasjon (sjå tabellar under).

Design- og utstyrsselskapet fekk ein kraftig nedgang i omsetninga og dårlegare lønnsemd. Både driftsresultat og resultat før skatt enda i minus.

Leiinga skriv at det var eit utfordrande år med framleis låg ordreinngang. Selskapet leverte design til to skip ved eige verft, og skal i 2021 levere design til fire skip – eitt ved Ulstein og tre ved verft i Kina.

Selskapet hadde 62 tilsette og ni lærlingar ved utgangen av året.

Stor betring for skipsinstallasjon
Ulstein Elektro Installasjon fekk lågare inntekter i fjor, men forbetra lønnsemda kraftig frå året i forvegen.

Selskapet driv med elektriske skipsinstallasjonar og styret konstaterer i årsrapporten at eit underskot på 17 millionar før skatt, ikkje er tilfredsstillande.

Koronapandemien har gitt store utfordringar og styret opplyser at selskapet har vore nøydt til å starte arbeidet med å tilpasse seg marknaden ytterlegare.

Ulstein Design & Solutions
Årsresultat (i mill kr)
2020 2019
Driftsinntekter 178 357
Driftsresultat -35 1,8
Res. før skatt -32 -2,4
Ulstein Elektro Installasjon
Årsresultat (i mill kr)
2020 2019
Driftsinntekter 142 188
Driftsresultat -16 -65
Res. før skatt -17 -65

Publisert: 04.09.2021 05:55

Sist oppdatert: 08.09.2021 11:08

Mer om