Dette kjem fram av revisorrapporteren etter konkursen i Stig Remøy-selskapa Emerald Fisheries og MJ Eigedom.
har fått tilgang til rapporten, der det vert vist til at krilltrålaren Juvel i april i fjor bunkra drivstoff for 672.968 dollar på Gran Canaria, og drog på krilltokt.
Rekningane frå toktet vart ikkje fullt ut betalte, og er i staden innrapporterte som krav til buet.
Emerald Fisheries starta gjeldsforhandlingar først 20. september 2016. Då disse ikkje førde fram, vart selskapet slått konkurs i februar i år.
Emerald Fisheries har i følgje E24 vist til kommentarane selskapet har sendt til burevisor. Der kjem det fram at selskapet er usamd med burevisor om når insolvens oppsto.
Burevisor viser i rapporten og til at styret grunngjev det siste toktet med at det var nødvendig for å behalde kompetanse og arbeidskraft, og at ein utan dette ikkje kunne lukkast med restrukturering og sal.
«Basert på ovennevnte drøftelser av tidspunktet for insuffiens og illikviditet, er det min vurdering at selskapet ble insolvent senest i løpet av april 2016,» heiter det i burevisor sin rapport, som er referert av E24.
Drifta heldt fram på kreditor si rekning, men burevisor har litt forståing for dette.
«Styrets beslutning om å gjennomføre det siste toktet fremstår i lys av dette ikke som åpenbart uforsvarlig."
Ifølgje E24 vart lånet nedbetalt til 90 millionar kroner, men Danske Bank varsla at lånet var misleghalde.
Dette vart løyst ved at Stig Remøy-selskapet SRR Invest, som var eigar at MJ Eigedom, gjorde ein avtale med Danske Bank om å overta lånet for 40 millionar kroner, inkludert ein «earn-out» avgrensa oppover til 30 millionar.
Aktørane med mest pant etter Stig Remøy-konkursane er Nordea og Innovasjon Norge.
har fått tilgang til rapporten, der det vert vist til at krilltrålaren Juvel i april i fjor bunkra drivstoff for 672.968 dollar på Gran Canaria, og drog på krilltokt.
Røkke-konflikt
På det tidspunktet var selskapet i bitter strid med Kjell Inge Røkke og Aker Biomarine. Burevisor Helge A. Østvold meiner at det var små utsikter for at toktet ville verte lønsamt for Juvel ettersom tvisten med Aker Biomarine førde til at amerikanske krillkjøparar stoppa å kjøpe krillprodukt frå Remøy sine selskap.Rekningane frå toktet vart ikkje fullt ut betalte, og er i staden innrapporterte som krav til buet.
Emerald Fisheries starta gjeldsforhandlingar først 20. september 2016. Då disse ikkje førde fram, vart selskapet slått konkurs i februar i år.
Emerald Fisheries har i følgje E24 vist til kommentarane selskapet har sendt til burevisor. Der kjem det fram at selskapet er usamd med burevisor om når insolvens oppsto.
Burevisor viser i rapporten og til at styret grunngjev det siste toktet med at det var nødvendig for å behalde kompetanse og arbeidskraft, og at ein utan dette ikkje kunne lukkast med restrukturering og sal.
Burde handla før
Ifølgje E24 meiner burevisor at selskapet skulle starta gjeldsforhandlingar eller slått seg konkurs på eit langt tidlegare tidspunkt.«Basert på ovennevnte drøftelser av tidspunktet for insuffiens og illikviditet, er det min vurdering at selskapet ble insolvent senest i løpet av april 2016,» heiter det i burevisor sin rapport, som er referert av E24.
Drifta heldt fram på kreditor si rekning, men burevisor har litt forståing for dette.
«Styrets beslutning om å gjennomføre det siste toktet fremstår i lys av dette ikke som åpenbart uforsvarlig."
Kjøpte tilbake eige lån
viser også til at Stig Remøy kjøpte tilbake eiga gjeld for halv pris. Dette galdt eit lån på 150 millionar kroner som MJ Eigedom fekk i Danske Bank i 2011. Lånet var gitt med pant i aksjar i offshorerederiet Olympic Ship.Ifølgje E24 vart lånet nedbetalt til 90 millionar kroner, men Danske Bank varsla at lånet var misleghalde.
Dette vart løyst ved at Stig Remøy-selskapet SRR Invest, som var eigar at MJ Eigedom, gjorde ein avtale med Danske Bank om å overta lånet for 40 millionar kroner, inkludert ein «earn-out» avgrensa oppover til 30 millionar.
Aktørane med mest pant etter Stig Remøy-konkursane er Nordea og Innovasjon Norge.
Publisert: 04.12.2018 20:12
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:16