Steinsvik olivine foto steinsvik olivine 11
DALSFJORDEN: Dei gode utsiktene til Steinsvik Olivine i fjor haust, slo ikkje til. I staden har 2022 blitt eit kriseår grunna auka drivstoffprisar. Bedrifta har ti tilsette i arbeid - og ønsker å tilsette fleire. Foto: Steinsvik Olivine
Nytt

Meiner kommunen risikerer å køyre bedrifta konkurs

– Urimeleg, svarar Volda-ordføraren på skuldingane frå Steinsvik Olivine-sjefen.

Marius Rosbach
15.06.2022

Dalfjorden-bedrifta Steinvik Olivine er i økonomisk trøbbel og ein langvarig krangel med kommunen om asfaltlegging, forverrar situasjonen.

No har firmaet fått dagbøter frå kommunen som dagleg leiar Robert Welsvik fortel at dei ikkje har midlar til å betale.

Han meiner konsekvensen av kommunen si handtering, er at bedrifta risikerer å gå over ende.

– Om kommunen går til rettsleg innkreving for å få inn desse pengane, betyr det at kommunen med viten og vilje risikerer konkurs i eit selskap, som utan dette kravet hadde hatt ein akseptabel økonomi, fortel Welsvik til NETT NO.

Han påpeiker at dei har aukande omsetning og sysselset ti personar på heiltid. No meiner han kommunale krav hindrar vidare vekst.

– Urimeleg, svarar ordføraren
Volda-ordførar Sølvi Dimmen er godt kjent med saka, og påpeiker at den har vore behandla grundig.

– Skal du drive ei seriøs bedrift, så må du drive innafor dei vilkåra som er lagt. Å true med at dei går konkurs, om vi opprettheld våre krav, er urimeleg, seier Dimmen til NETT NO.

Samtidig er ho ikkje avvisande til ein dialog med bedrifta.

– Om det er slik at marknaden gjer at likviditeten til bedrifta er dårleg akkurat no, så kan ein til eksempel sjå føre seg ein pause i inndrivinga, eller betalingsplan for dagbøtene, legg ho til.

Skal møtast fredag
Welsvik har sendt ein e-post til Volda-ordføraren om stoda og bedt om eit møte. Dette møtet vil skje på fredag.

I e-posten som Møre-Nytt omtalte onsdag, skriv Welsvik at firmaet ikkje kan prioritere å betale dagbøtene, og ber om at firmaet får dekka kostnader til asfaltlegging tidlegare enn avtalt.

Han skriv også at «selskapet er insolvent, under bankens kontroll».

Til NETT NO forklarer han at selskapet ikkje er under administrasjon, som ein kan få inntrykk av. Men alle inntekter og maskinar og er pantsett.

– Selskapet står i fare for å verte insolvent om kravet om dagbøter går til namsmannen, legg han til.

Fleire økonomisk vanskelege år
Welsvik fortel til NETT NO at asfalteringa dei har pålagt å gjere, vil koste dei 2,5 millionar kroner. Det er pengar dei ikkje har i dag.

NETT NO har tidlegare omtalt korleis Steinsvik Olivine hamne i økonomisk trøbbel i 2020 grunna koronapandemien.

Etter at dei fekk inn ny kapital, har auka drivstoffprisar gitt nye utfordringar og ført til at dei ikkje har klart å betale ned leverandørgjeld frå tidlegare.

Meiner det ikkje er behov for asfalt
Det høyrer med til historia at bedrifsleiaren meiner at kravet om det skal leggast asfalt på vegen, ikkje har noko for seg – og at drifta dei siste åra har vist at dagens dekke ikkje fører til støvproblem.

Han har rådført seg med andre selskap og faginstansar i saka, og fortel at uavhengige målingar og rapportar stadfestar dette.

Volda-ordføraren påpeiker at det er ulike oppfatningar om saka som har versert i det kommunale saksapparatet sidan 2003.

– Andre meiner noko anna enn Welsvik – og denne saka har vore til grundig behandling i Volda kommune, legg ho til.

Publisert: 15.06.2022 15:19

Sist oppdatert: 15.06.2022 16:26

Mer om