Steinsvik olivine foto steinsvik olivine 11
REKORDLEVERANSE: Steinsvik Olivine planlegg å skipe ut meir enn dobbelt så mykje olivinsand i løpet av året, enn dei har gjort tidlegare. Leveransen som blei skipa ut før helga blei gjort med det største skipet som har anløpt kaia. Foto: Steinsvik Olivine
Nytt

Tilbake på nytt rekordnivå etter kriseår

Steinsvik Olivine har ny maskinpark, rekordstore leveransar - og snusar på vindkraftmarknaden.

Marius Rosbach
08.09.2021

Det er travle dagar ved Steinsvik Olivine i Volda for tida. Då NETT NO slår på tråden til dagleg leiar Robert Welsvik må han ringe opp att.

Til kai hadde han då det største skipet bedrifta har hatt på besøk.

– No er vi sikra inntektskjelder med to store kundar på levering av kring 100.000 tonn til saman, fortel Welsik til NETT NO litt seinare.

Meir enn dobling frå tidlegare
Dei planlagde leveransane er meir enn dobbelt så mykje som bedrifta tidlegare har skipa ut i løpet av eit år. Welsvik fortel at dei jobbar med periodevise leveringar.

Lasta som blei skipa av garde før helga, var årets andre store last på kring 23.000 tonn. Dei ventar to til i løpet av året.

Trur på vindkraftmarknaden
Levering til stålindustrien er i dag hovudmarknaden, medan dei også leverer olivin til eldfaste material. Grunna høg eigenvekt, er olivinsanden også populært som ballastmateriale. Det kan til eksempel nyttast for å sikre installasjonar vindmøller til havs.

– Vi jobbar no med å kvalifisere oss for å levere på ballastmarknaden for vindmølleparkar til havs. Det trur vi kan ein stor marknad for oss, legg han til.

Steinsvik olivine olivinsand foto steinsvik olivine 22
STORE FØREKOMSTAR: Volda-bedrifta har førekomstar med olivinsand som er rekna å vare i fleire tiår. Potensialet er anslått å vere 1,4 millionar tonn i dagbrot og ytterlegare 40 millionar tonn via gruvedrift. Foto: Steinsvika Olivine

– I fjor vart eit katastrofalt år
Det er langt frå sjølvsagt at bedrifta som eksporterer olivinsand frå Steinsvika i Dalsfjorden, skulle vere så godt stilt halvvegs inn i 2021.

Framfor 2020 venta Welsvik ein dobling av produksjonen – men så sette koronapandemien på bremsa. I juni i fjor blei alle ordrar kansellert.

Mellom anna blei det full stopp hos både skipsbygging- og bilindustrien, som er to viktige kundar til stålindustrien – der olivinsanden nyttast som slaggdannar.

– I fjor vart eit katastrofalt år og vi satt att med mykje gjeld og måtte forhandle med kreditorar og bankar for å kome vidare, fortel han.

(saka held fram under)

Steinsvik Olivine
Årsresultat (i mill kr)
2020 2019
Driftsinntekter 5,8 8,8
Driftsresultat -1,7 2,2
Res. før skatt -1,7 2,2
Vi har kartlagt førekomstane skikkeleg og bygd ut infrastrukturen på anlegget
Robert Welsvik

Investert i maskinpark
Dei fann ei løysing på utfordringane – og tidleg i år kunne dei starte med friske pengar.

– Vi sette i gong med aktiv marknadsføring og fekk finansiering på eige utstyr, fortel Steinsvik Olivine-sjefen.

Maskinparken består no at graveknusar, finknusar, tuo dumparar, hjullastar og to gravemaskinar. Welsvik fortel at dei har bygd stein på stein sidan selskapet gjekk konkurs for 12 år sidan.

– Vi har kartlagt førekomstane skikkeleg og bygd ut infrastrukturen på anlegget. Det har samtidig gitt oss meir oversikt over kvaliteten på olivinen. Ulike marknader vil gjerne ha ulik kvalitet, forklarar han.

Rekordhøge fraktpriser
Koronapandemien gir framleis konsekvensar, og fraktratane er rekordhøge.

– Prisane har vore på eit ekstremt nivå i heile år. No trur fleire meklarar at marknaden for bulkfrakt vil betre seg og prisane gå ned, fortel Welsvik.

Høgre fraktpriser er også noko av årsaka til at skipa som anløper Steinsvika har vorte lengre. Kunden som betalar for frakta, vil gjerne ha størst mogleg volum levert om gongen.

Publisert: 08.09.2021 05:55

Sist oppdatert: 08.09.2021 00:19

Mer om