Meiner krava til dokumentasjon har gaatt for langt
KRITISK: Håvard Ulstein meiner kostnadsnivået i Nordsjøen ikkje er levedyktig. Mellom anna meiner han at dokumentasjonskrava er altfor omfattande og unødvendig fordyrande. 
Nytt

Meiner krava til dokumentasjon har gått for langt

- Når det er 280 sider kravspesifikasjon til eit oppdrag til 35.000 kroner, er noko fundamentalt galt.

29.06.2015
Dette seier adm. dir. Håvard Ulstein i offshoreselskapet Island Offshore. Ulstein meiner at dokumentasjonskrava frå oljeselskapa i Nordsjøen har gått for langt.
- Alle er opptatt av sikkerheit, og den skal ivaretakast. Men det vi no av og til ser på dokumentasjonssida og kravspesifikasjonar har lite med sikkerheit å gjere.
- Det kan av og til sjå ut som om dokumentasjonsarbeidet har vorte eit eige forretningsområde i seg sjølv.

- Ein uting

Island Offshore og ei rekkje andre offshoreselskap kuttar no kostnader der det kan kuttast. Nyleg sa dei .
Dei tilsette meiner at dette var i dagens situasjon.
Håvard Ulstein meiner at dokumentasjonshysteriet i Nordsjøen er både unødvendig og fordyrande.
- Vi har sett på mange oppdrag som det normalt ville tatt 14 dagar å lage dokumentasjon på, men som vi har måtta brukt fleire årsverk på å få ferdig – rett og slett fordi krava til dokumentasjon er så enorme.
- Dette har rett og slett utvikla seg til ein uting.

Omstridd Nordsjøturnus

Håvard Ulstein meiner at for offshoreselskapa er dei omfattande dokumentasjonskrava ei større ulempe enn den omstridde 2-4-turnusen for alle som arbeider i Nordsjøen, også dei som arbeider på offshorefartøya.
- Denne turnusen er i seg sjølv fordyrande, men denne gjeld for alle og er grei å forhalde seg til.
- Då er det langt verre at vi må bruke enormt med tid og ressursar på dokumentasjonsarbeid som har svært lite med sikkerheita i Nordsjøen å gjere.

Panikkaktig utbyte

Ulstein meiner også at det vert heilt feil i dagens situasjon når oljeselskap betalar ut kjempeutbyte samstundes som selskapa taper pengar.
- Dette er noko ei samla næring reagerer sterkt på. Det virkar som ei panikkaktig handling.
- Panikk er det siste vi treng i dagens situasjon.

- Ikkje levedyktig

Håvard Ulstein vil ikkje nemne kva oljeselskap han siktar til, men Statoil har fått kritikk for ikkje å kutte i utbytet til eigarane sjølv om selskapet i første kvartal i år tapte formidable 35 milliardar kroner som følgje av lav oljepris og tap på satsinga i Nord-Amerika.
- Kostnadsnivået på norsk sokkel har stige formidabelt. Dagens nivå er ikkje levedyktig i lengda.
Det kan av og til sjå ut som om dokumentasjonsarbeidet har vorte eit eige forretningsområde i seg sjølv

Publisert: 29.06.2015 06:01

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:45