Ragnar Torvik foto Marius
ÅLESUND: Professor Ragnar Torvik er professor i samfunnsøkonomi ved NTNU. Onsdag deltok han på The North West i Ålesund. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Meiner Nordvestlandet har dei beste moglegheitene

NTNU-professor meiner samtidig mykje norsk politikk bremsar for verdiskaping.

Marius Rosbach
29.04.2025

NTNU-professor Ragnar Torvik peika på store utfordringar – men også store moglegheiter - for Nordvestlandet då han deltok på The North West tysdag. 

Tema for dagen var mellom anna korleis eit sterkt universitet kan vere med å sikre byens framtid, trekke til seg næringsliv og gi innbyggjarane fleire moglegheiter.                 

Torvik understreka at regionen – som resten av landet – vil bli råka av det han omtala som «kronisk mangel» på arbeidskraft framover. 

– Korleis vi brukar arbeidskrafta vi har, blir mykje meir viktig framover, sa han. 

Korleis vi brukar arbeidskrafta vi har, blir mykje meir viktig framover
Ragnar Torvik

Torvik meiner til eksempel at det er avgjerande å tenke «både og» når det kjem til behovet for folk med fagbrev og personar med høgare utdanning. 

Han åtvara mot å føre ein politikk der ein skal satse på det ein, eller det andre. 

– Å utnytte spenninga mellom fagkompetanse og høgare utdanning er det som gir verdiskaping, sa Torvik. 

NTNU-professoren meiner at nettopp Nordvestlandet hadde dei beste sjansane til å kombinere kunnskapen ved utdanningsinstitusjonane med næringslivet sin kompetanse. 

– Å utnytte skjeringspunktet mellom fagarbeid og teknologi er framtida for denne regionen, sa Torvik.

At landsdelen også har tilgang på naturressursar gjennom nærleiken til havet, er ein bonus. 

– Og om dokke ikkje gjer det kjempebra, så er det dokke eigen feil – for dokke har alle moglegheiter, la han til. 

Ragnar Torvik foredrag foto Marius
MYKJE FOLK: Det var fullsett i toppetasjen på Pir-bygget under føremiddagsarrangementet til The North West tysdag. Foto: Marius Rosbach

Eit av Torvik sine mantra er at politikken bør gjere det meir lønnsamt å arbeide. 

Eitt av grepa er å sørge for at folk kjem over i meir verdiskapande jobbar, i staden for å oppretthalde sysselsetting i mindre lønnsame bransjar. 

– Om vi subsiderar arbeidskraft for at den ikkje skal forsvinne frå gamal industri til ny industri, er det bra for dei som får subsidiane, men dårleg for samfunnet, sa han. 

Han viste til den historiske utviklinga der landbruket – som tidlegare var den viktigaste næringa her til lands – var blitt ein langt mindre bransje. 

– For mange småbrukarar var det tøft, og dårleg bedriftsøkonomi. Men for samfunnsøkonomien var det bra, la han til. 

Politikk som bremsar verdiskaping
NTNU-professoren meiner det ikkje heng på greip å ha ein politikk med mål om å skape fleire arbeidsplassar – samtidig som bedrifter har store problem med å få tak på folka dei treng. 

– Du kan ikkje ha både mangel på arbeidskraft og arbeidsplassar på same tid. Det går ikkje opp, sa Torvik. 

Ein politikk som er laga for å hindre omstilling, vil også ende opp med å samtidig bremse verdiskapinga, la han til. 

Ragnar Torvik Tore Ulstein foto M Arius
KOM MED INNSPEL: Ulstein Group-eigar Tore Ulstein (t.h.) i samtale med Ragnar Torvik. Sunnmøringen deltok også i ein panelsamtale om utfordringane regionen har med å sikre nok arbeidskraft. Foto: Marius Rosbach

Meiner sikkerheitspolitikk må inn i likninga
Ulstein Group-eigar Tore Ulstein var mellom dei som tok ein prat med NTNU-professoren etter innlegget. 

Sunnmøringen peika på at spesielt i dagens situasjon bør ein meir usikker verd takast omsyn til i argumentasjonsrekka til Torvik. 

– Til eksempel når det kjem til skipsbygging, så vil det få sikkerheitspolitiske konsekvensar om ein berre følgjer argumentet om å legge industrien der det er mest lønnsamt å bygge, understreka han. 

Publisert: 29.04.2025 15:47

Sist oppdatert: 29.04.2025 15:50