Hellesylt grand hotel store kjorer hydrogenbil med korps foto marius 11
HYDROGENSATSING: Statsminister Jonas Gahr Støre si regjering har mellom anna satsa på at hydrogen skal vere mellom næringane som skal gi Norge noko å leve av etter olja. Her køyrer statsministeren hydrogenbil til fabrikken på Hellesylt. På vegen passerer han Grand Hotel, som er eitt av fleire reiselivsprosjekt som er sett på pause grunna regjeringa sin skattepolitikk. Foto: Marius Rosbach
Analyser

Kanskje ville det vore betre å ikkje gjere noko?

Mange bedrifter opplever at regjeringa sin næringspolitikk har vore i overkant aktiv.

Marius Rosbach
30.03.2025

Analyse: Då Støre-regjeringa kom til makta var det betydelege forventingar til ein meir aktiv næringspolitikk.

Interessa for kva næringsministeren hadde på hjartet då ho fredag la fram regjeringa si nye industrimelding, seier mykje om korleis lufta har gått ut av ballongen. 

I underkant av ti nyheitsartiklar er alt som kjem fram i eit google-søk dagen etter.

Kontrasten er slåande til interessa då regjeringa hausten 2021 la fram det som blei omtala som den største industrisatsinga sidan andre verdskrig – eit vegkart med 100 ulike tiltak med ein prislapp på kring 60 milliardar. 

Den blei blei følgd opp med strategien Hele Norge Eksporterer, fronta av Jan Christian Vestre (Ap) som ein svært engasjert næringsminister. Det storstilte eksportprogrammet skulle hjelpe utvalde bransjar til å lukkast. 

Forventingane på Nordvestlandet vart ikkje mindre av at maritim industri var mellom næringane som stod først i rekke til å bli satsa på. 

Hydrogen, batteri og havvind var dei andre næringane som blei peika på som framtidas eksportnæringar våren 2022. 

I ettertid har regjeringa i tur og orden peika på helsenæringa, vareproduksjon og design, reiseliv – og til sist sjømat som bransjar ein skulle satse på. 

Om ein ser på utviklinga for desse bransjane sidan, er det likevel vanskeleg å sjå korleis regjeringa sin politikk har bidrege vesentleg til å gjere dei utvalde næringane til vinnarar dei siste åra. 

La oss ta batteri, hydrogen og havvind først. 

Batteriindustrien har fått kjenne på ein kraftig brems som følgje av høge kostnader og kamp om tilgang på straum. 

Førstnemnte kan knappast regjeringa skuldast for, men utbygging av ny kraft har vore deira ansvar den siste perioden.  

Hydrogen har møtt mykje av dei same utfordringane. 

Her er Ålesund-selskapet Norwegian Hydrogen mellom dei fremste aktørane, men til no er ein mindre fabrikk på Hellesylt mellom få konkrete resultat her i regionen. Planane om langt større produksjon har til no vorte bremsa av tilgang på ny kraft

Trass i at regjeringa si utbygging av norsk havvind er blitt dyrare og går langt tregare enn venta, gir den veksande industrien likevel betydeleg arbeid også til bedrifter på Nordvestlandet. 

Men skipa som verfta bygger for denne markanden går ut i oppdrag i vindparkar i utlandet, og ville truleg kome heilt uavhengig av kor mykje havvind Norge bygger ut. 

Når det gjeld maritim næring er det gode tider med ei veksande ordrebøker og ei lønnsemd som peikar opp for dei fleste delane av bransjen. 

Men også dette ville truleg skjedd uavhengig av politikken til norske styresmakter. Grep som å opprette et klimafond og betre finansieringsordning for verfta, har vore mellom dei mest etterlyste frå næringa si side – men ingen av dei er gjennomført. 

Vareproduksjon og design saman med helseindustrien var dei neste næringane som blei blinka ut av regjeringa. 

Førstnemnte inneheld mellom anna møbelindustri, som har eit tyngdepunkt på Nordvestlandet. Utviklinga i den siste regjeringsperioden har i første rekke vore påverka av trendar utanfor regjeringa si kontroll. 

Møbelboomen under pandemien kom av brå vekst i salet som følgje av at folk ikkje kunne nytte pengane sine på reiser og anna. Den påfølgjande bremsen kom av dyrtid og høgare rente. 

Reiseliv har hatt nokre tøffe år under pandemien – og lønnsemda for bransjen er framleis låg. 

Innføring av turistskatt har vore eit grep store delar av næringa eigentleg har vore for.

Men då forslaget kom på bordet, blei det møtt med kritikk frå ein samla reiselivsbransje. Denne veka vende også Senterpartiet tommelen ned for å skattlegge all overnatting, slik regjeringa har føreslått. 

Sjømat er den siste bransjen som har vore peika ut som ei næring det skal bli satsa på. 

For næringa sjølv må det ha vore delte kjensler til å bli «omfamna» slik av ei regjering dei nærast har vore i «krig» med sidan grunnrenteskatt på oppdrett kom på bordet hausten 2022. 

Den påfølgjande ordretørken for leverandørane er godt kjent for Nett No sine lesarar. Problem med fiskevelferd og høg dødelegheit har sin del av skulda for at oppdrettsbransjen dei siste åra har stått på staden kvil. 

Langdryg behandling av viktige politiske avklaringar frå regjeringa, har ikkje gjort situasjonen betre for næringa. 

Alle desse bransjane har også fått merke regjeringa sin aktive næringspolitikk i form av auke eigarskattane. 

Kritikken frå næringslivet har hagla om at kvardagen til bedriftene er blitt tøffare, etter at både formuesskatt, utbytteskatt og arbeidsgivaravgifta er blitt skjerp. 

Situasjonen har ført til at mange med store formuar har flytta utanlands – som igjen er møtt med grep som exit-skatt og tetting av andre skattehol. Også dette er grep som har møtt krass kritikk – og blir skulda for å svekke verdiskapinga her til lands. 

Regjeringa sine svar på kritikken har mellom anne vore å vise til at lønnsemda i norske næringsliv er god, eksporten aukar, det er skapt en rekke nye arbeidsplassar – og rekordmange nye selskap blir etablert. 

At norsk næringsliv går godt, eller eksporterer meir enn før, er eit dårleg argument - om alternativet er at det kunne gått endå betre. Ferske tal viser også at investeringane er på veg ned – noko som helst vitnar om lågare aktivitet og lønnsemd. 

At det blir skapt mange nye arbeidsplassar, eller blir etablert fleire nye bedrifter, er heller ikkje nødvendigvis eit godt argument. Iallfall ikkje så lenge store delar av det etablerte næringslivet skrik etter folk. Statistikken viser også at kring halvparten av nystarta bedrifter går over ende i løpet av få år – og at dei fleste brukar mange år på å nå same verdiskapinga ein finn i godt etablerte selskap. 

«Kollisjon mellom tenkesett», skreiv Nett No i ei analyse hausten 2022 om skilnaden mellom trua på at det er best å la overskota gå vegen om statskassa, eller satse på at pengane kjem til nytte om bedriftseigarane får styre pengane sjølve. 

Etter snart ei stortingsperiode med aktiv næringspolitikk, er det freistande å tenke at ein like gjerne kunne latt vere. 

Publisert: 30.03.2025 05:00

Sist oppdatert: 30.03.2025 00:34

Mer om