Ole Erik Almlid IKKE GJENBRUK FOTO NPK
NHO-sjef Ole NHO-SJEFEN: Erik Almlid inviterte regjeringa, akademia og næringslivet til eit digitalt krafttak under årskonferansen til NHO i Oslo som opna tysdag. Foto: Terje Pedersen / NTB / NPK
Nytt

Meiner Norge kan bli eit digitalt føregangsland

Heng langt bak andre land i utviklinga. Det er tema på NHOs årskonferanse.

Marius Rosbach
09.01.2024

(NPK-NTB - Bibiana Piene): Norge heng etter i den digitale utviklinga. No inviterer NHO både næringsliv, akademia og styresmakter til eit digitalt krafttak.

– Vi byrjar i dag, seier NHO-sjef Ole Erik Almlid til NTB.

Det digitale krafttaket vart kunngjort frå scena i Oslo Spektrum på NHOs årskonferanse tysdag.

– Vi kjem til å invitere mange folk med på dette – akademia, LO og regjeringa, som har svart positivt i dag, seier Almlid.

Sjå direktesending frå konferansen (ekstern lenke)

Digitalt toppmøte
I tillegg inviterer NHO saman med LO til eit digitalt toppmøte i vår.

Potensialet i å utnytte nye digitale løysingar er enormt, meiner Almlid. Ambisjonen er å doble talet på bedrifter som bruker kunstig intelligens (KI) på to år.

– Berre å snakke om det har noko å seie, det å dele gode døme. Kan vi finne måtar å gjere ting raskare og betre på. Korleis kan vi til dømes dele data og utvikle samfunnet, seier Almlid.

– Lykkast vi, kan Norge bli eit digitalt føregangsland, meiner han.

Opprettar digitaliseringsforum
Digitaliseringsminister Karianne Tung er samd.

– Kunstig intelligens representerer store moglegheiter til å skape nye jobbar og løyse store samfunnsutfordringar. Vi må bruke folk der dei trengst, og teknologi der vi kan, seier ho til NTB.

Regjeringa opprettar no eit eige digitaliseringsforum, der næringslivet, forskingsmiljø, gründerar og offentlege etatar skal møtast eit par gonger i året.

– Vi må setje fart i utviklinga, slik at vi får løfta dei gode prosjekta, seier ho.

Ligg langt bak
Men førebels ligg Norge langt bak i utviklinga, der særleg USA har teke teten, med EU eit stykke bak.

– 80 prosent av norske selskap har ikkje ein KI-strategi, påpeika Paula Doyle frå Aker BP frå scena i Oslo Spektrum.

Tankevekkjande, meiner Almlid.

– Her må vi gire opp, slår han fast.

Det er også viktig å diskutere korleis KI skal regulerast, meiner Almlid, som viser til den nye KI-lova som EU nyleg har vedteke.

– Skal vi hengje oss på dette? Ja, det skal vi kanskje, men kva betyr det for norsk næringsliv, seier NHO-sjefen.

Meir tech-utdanning
Almlid påpeikar også at nye tider krev ny kompetanse. Med eit samarbeid mellom næringsliv, akademia og styresmakter kan hola lettare avdekkjast.

– Mellom anna kan det vise seg at ein treng med tech-kompetanse både på yrkesfagnivå og doktorgradsnivå. Kva betyr det no det gjeld dimensjoneringa av yrkesfag, korleis universiteta skrur saman programma sine og så vidare. Med eit slikt samarbeid kan vi bidra til at politikken heng saman, seier han.

(©NPK)

Publisert: 09.01.2024 14:22

Sist oppdatert: 09.01.2024 14:23

Mer om