Alfred Bjorlo sjolvportrett
STADFESTA: Regjeringsbruddet blei stadfesta av Sp-leiaren ved 14-tida. Alfred Bjørlo (V) meiner næringslivet i distrikta kan juble for Sp-exit. På bildet viser han reaksjonen på regjeringa sitt forslag til ny gründerpolitikk. Foto:
Nytt

Meiner Sp-exit er godt nytt for næringslivet i distrikta

Alfred Bjørlo (V) meiner bedrifter i distrikta har grunn til å heise flagget. Regjeringsbruddet stadfesta.

30.01.2025

(NPK--NETT.NO- Kjell Åsmund Sunde): Senterpartiet går ut av regjeringssamarbeidet med Arbeidarpartiet og vi går inn i ein valkamp utan eit klart regjeringsalternativ på raud-grøn side. 

Det seier stortingspolitikar Alfred Bjørlo (V) frå Nordfjordeid til nyheita om at Ap og Sp droppar vidare regjeringssamarbeid.

Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum stadfesta ved 14-tida til VG at partiet går ut av regjering. 

Det skjer etter at fleire medier hadde fått opplyst at regjeringspartia er samde om å skilje lag. 

Statsminister Jonas Gahr Støre har kalla inn til pressekonferanse klokka 15.

Følg pressekonferansen direkte her (ekstern lenke) 

 Bjørlo meiner Sp-exiten er godt nytt for næringslivet i distrikta.

– For distriktsnæringslivet er det berre å sende flagget til topps og juble over at Sp ikkje får lov til å øydeleggje meir for distriktsnæringa, seier Bjørlo (V) til Nynorsk pressekontor.

– Avhengig av handel med Europa
Venstre-politikararen har vore omtala som «distriktspsykopaten». Han meiner Senterpartiet sin politikk hadde vore heilt øydeleggjande for næringslivet i rurale strøk viss ikkje Ap hadde sett hardt mot hardt.

– Næringslivet i distrikta er heilt avhengig av handel med Europa. Sp har stått for ei linje med full konflikt med dei nærmaste handelspartnarane våre i ei tid der Trump yppar til handelskrig, seier Bjørlo.

Får konsekvensar for valkampen
Regjeringskrisa kjem òg til å få konsekvensar for den kommande valkampen.

Per no ser det ikkje ut til å vere noko truverdig regjeringsalternativ på raud-grøn side, ifølgje Bjørlo.

– Det er lite truleg at Senterpartiet ønskjer å gå til val på ei ny Sp/Ap-regjering. Det du kan få er at Sp blir eit nytt Raudt. Altså eit protestparti, som eigentleg ikkje ønskjer å sitje i regjering, men som ønskjer å påverke ved å stå utanfor og markere primærstandpunkt.

Han meiner Sp og Raudt er veldig like i partiprofilen no.

– Båe parti byggjer opp frykt for verda rundt, og har ein veldig nasjonalistisk retorikk der dei set Noreg først. Samstundes ønskjer dei ei regjering på raud/grøn-side. Sjølv om dei ikkje vil sitje i ho sjølv. Men akkurat korleis dette vil spele seg ut er vanskeleg å seie akkurat no, seier han.

Ser ikkje føre seg ny sentrumsregjering
Historisk sett er både Senterpartiet og Venstre sentrumsparti og har ved fleire høve sete saman i regjering. Siste gong dei to partia styrte saman var i den første regjeringa til Kjell Magne Bondevik ved tusenårsskiftet.

Bjørlo ser ikkje for seg at det kan bli noko nytt regjeringssamarbeid med Senterpartiet med det første.

– Når vi ser på dei store spørsmåla i vår tid som dreier seg om meir eller mindre samarbeid med omverda er vi fundamentalt ulike. Det kan kanskje vere eit håp om at Sp støttar det som går på mindre skattlegging av norsk næringsliv, og at dei vil kutte særskattar på norsk næringsliv. Der opplever eg at dei eigentleg er ganske samde med oss, men har vore forplikta av å vere i ei regjering med Ap.

(©NPK)

Publisert: 30.01.2025 14:33

Sist oppdatert: 30.01.2025 14:33

Mer om