Meiner tettare oppfoelging kunne forhindra doedsulukka
KRITISK TIL TRYGGLEIKEN: Aktor Magne Kvalvik (t.h.) og bistandsadvokat Øyvind Vidhammer er kritiske til reiarlaget si oppfølging av tryggleiken om bord på trålaren Nordstar. 
Nytt

Meiner tettare oppfølging kunne forhindra dødsulukka

Aktor meiner vitnemåla til sjøfolka i rettsalen, viser at førebygging frå reiarlaget Nordnes kunne hindra dødsulukke.

Marius Rosbach
23.01.2020
Under den andre dagen av rettssaka mot Nordnes-reiarlaget, fekk retten torsdag høyre frå fleire av sjøfolka som deltok i arbeidet då ein av mannskapet døydde då han tok seg inn i ein tank om bord i trålaren.
Utgangspunktet er at reiarlaget frå Valderøya fekk ei bot på to millionar kroner for brot på skipssikkerheitslova etter dødsfallet som skjedde sommaren 2018.
Reiarlaget nekta og vedta bota og difor møttest partane i retten. Fordi strafferabatten ved å vedta bota fell bort, frå reiarlaget, i tillegg til sakskostnader.
Bistandsadvokat Øyvind Vidhammer la fram krav om erstatning på 250.000 kroner til kvar av dei etterletne – ektefelle og to barn.

– Kunne ha vore førebygd

Eit tilbakevendande tema i saka er i kva grad reiarlaget har sjekka om mannskapet har gjort seg kjent med sikkerheitssystemet, og faktisk har tileigna seg kunnskapen i dette.
Berre to frå mannskapet var på staden då ulukka skjedde. Avdøde og ein kollega skulle ventilere ein tank med restråstoff frå fisk, før denne seinare skulle reingjerast. I forkant blei oksygennivået målt og funne i orden.
Aktor Magne Kvalvik meiner likevel forklaringa til sjøfolka avdekka at kunnskapen deira «var svært mangelfull» når det gjaldt arbeidet i tanken der dødsulukka skjedde.
- Ulukka kunne ha vore førebygd ved ein tettare oppfølging av mannskapet og ved å sjekke at dei kjente risikoen ved arbeidet, sa han i sin prosedyre.
Også bistandsadvokaten meiner at måten arbeidet blei utført på, i seg sjølv viser at dei ikkje hadde nok kunnskap om farane ved å jobbe i tanken.

Skjebnesvanger beskjed

Det er vore eit sentralt punkt i saka, kvifor avdøde gjekk inn i tanken. Men retten fekk tidlegare på dagen høyre at fabrikksjefen om bord hadde sagt til avdøde og ein anna frå mannskapet, at dei om nødvendig måtte ta seg ned i tanken for å plassere ei vifte på best måte.
Det meiner aktor var grov uaktsamt og samstundes at fabrikksjefen som ein slags mellomleiar, måtte kunne seiast å handle på vegner av reiarlaget.
Både skipper og dagleg leiar Tormund Grimstad har forklart at ingen skulle ned i tanken denne dagen, og ga uttrykk for at dei hadde vanskeleg for å forstå årsaka til at avdøde handla som han gjorde.

Les også:


Skjedde i strid med reglane

I sin prosedyre bad forsvarar Maria Elena Kvalen retten merke seg at ingen av dei involverte personane var straffeforfølgd i saka og minna om dei strenge krava til bevisbyrde, der tvilen skal kome tiltalte til gode.

- Eg meiner påtalemakta på ingen måte har klart å påvise har klart å vise at det er svikt eller brot frå reiarlaget si side, sa ho.
Forsvararen viste til at retten hadde fått dokumentert at Nordnes-reiarlaget hadde eit bevisst forhold til sikkerheita. Mellom anna hadde leverandøren av sikkerheitssystemet dagen før omtala reiarlaget som svært nøye i tryggleiksarbeidet.
- Den utløysande årsaka til skaden, var at avdøde entra tanken i strid med reglane, sa Kvalen.

– Visste om sikkerheitstiltaka

Forsvararen gjekk også i rette med framstillinga til aktoratet at mannskapet ikkje kjente risikoen ved å arbeide i tanken. Ho viste til at fabrikksjefen hadde testa oksygennivået i tanken før arbeidet tok til.
- At ein forsikra seg om at luftkvaliteten var grei, slik sjøfolka har forklart, viser at dei visste om sikkerheitstiltaka, la Kvalen til.
Ho meinte også nivået på bota var alt for høgt, og fortalde at ho ikkje hadde funne samanliknbare dommar som kunne underbygge bota på 2,5 millionar.

– Verka som han svima av

Til trass for at målinga hadde vist eit høgt nok oksygennivå, fortalde kollegaen at avdøde kort tid etter han kom ned i tanken, sa at han ikkje fekk puste. Han skal då ha forsøkt å klatre opp stigen att – men falt bakover og ned i tanken.
– Slik eg såg det på blikket, så verka det som han svima av, sa kollegaen.
Fordi dei ikkje hadde friskluftmaskar tilgjengeleg på staden , tok det fleire minutt før kollegaen kunne gå ned etter den avdøde. Retten fekk også høyre korleis dei strevde med å få den storvokste mannen opp frå tanken. Då dei omsider fekk han opp, blei det starta hjarte- og lungeredning – men livet til mannen stod ikkje til å redde.
Ulukka kunne ha vore førebygd ved ein tettare oppfølging av mannskapet og ved å sjekke at dei kjente risikoen ved arbeidet

Publisert: 23.01.2020 23:09

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:51