Meir enn dobling for Vendanor
VEKST: Dagleg leiar Harold Wieldraaijer og serviceteknikar Sten Johnsen i Strynebedrifta Vendanor har fått meir å gjere. Kontrakt med ein ikkje offentlegjort internasjonal kunde har sikra selskapet innpass i heile Skandinavia og Baltikum. 
Nytt

Meir enn dobling for Vendanor

Vendanor i Stryn har allereie seld fleire gassbehaldar-automatar enn i heile fjor.

23.07.2018
Ein stor kontrakt med ein førebels ikkje offentliggjort kunde gjorde at dagleg leiar Harold Wieldraaijer i år kunne dra på sommerferie med ei solid ordrebok på plass, og eit sal som allerede hadde passert heile 2017.
Kontrakten blei inngått like før jul i fjor og sikrar Vendanor innpass i heile Skandinavia og Baltikum.

Rask vekst

Vendanor er i år inne i sitt fjerde driftsår og har hatt ein rask vekst.
I 2015 var driftsinntektene seks millionar kroner, i 2016 17,7 millionar kroner og i fjor 20,8 millionar kroner. Held 2018 fram like bra som det starta kan det bli over 40 millionar i år.

Automatar

Ideen bak Vendanor er å erstatte manuell utskifting av gassbehaldarar med automatar.
I staden for å dra i butikken eller på bensinstasjonen når det er tomt for gass til gassgrillen din køyrer du berre innom næraste automat og kan erstatte den tomme behaldaren med ein ny og full, når som helst på døgnet.

Nomek største eigar

Vendanor har i dag 14 tilsette i Stryn.
Dei monterer alle automatane sjølve, og har sin største underleverandør - mekanisk industri-bedrifta Nomek - som største aksjonær. Omlag 30 prosent av driftsinntektene til Vendanor går vidare som betaling til Nomek, anslår Wieldraaijer.

Publisert: 23.07.2018 06:00

Sist oppdatert: 04.02.2022 15:00

Mer om