Meir enn tredobla tap på lakseoppdrett
Atlantic Sapphire treng meir pengar til drifta.
Atlantic Sapphire som driv landbasert oppdrett av laks, la torsdag fram tal etter andre kvartal.
Dei viser meir enn tredobla underskot første halvår, samanlikna med same periode i fjor.
Inntektene første halvår stoppa på drygt åtte millionar dollar, som er om lag halvannan million svakare enn året før.
Underskotet før skatt dei første seks månadene auka frå drygt 14 millionar til knappe 48 millionar dollar, viser tala i børsmeldinga (sjå tabell under).
For varmt for fisken
Atlantic Sapphire har hovudkontoradresse på Vestnes, men driv landbasert lakseoppdrett i den amerikanske delstaten Florida.
Dei opplyser at dei framleis har problem med at fisken i anlegget veks mindre enn venta.
Tidlegare har selskapet fortalt om utfordringar med høg temperatur og at dei neste månad vil installere meir kjølekapasitet for å handtere problemet.
Treng meir pengar til drifta
Lågare vekst i biomassen enn venta gjer at selskapet ventar redusert kontantstraum siste halvår – som igjen gjer at dei kjem i brot med lånevilkåra dei har forplikta seg til.
Difor er DNB Markets og Artctic Securities hyra inn for å undersøke moglegheitene for å sikre selskapet ein økonomisk buffer til å drive vidare.
Dei største aksjonærane som Nordlaks, EW Group og Petter Stordalens Strawberry har signalisert at dei vil støtte selskapet økonomisk ved ein ny kapitalinnhenting.
Atlantic Sapphire | ||
1. halvår. i mill. amerikanske dollar | 2023 | 2022 |
Driftsinntekt | 8,1 | 9,7 |
Driftsresultat | -43,7 | -12,3 |
Resultat før skatt | -48,4 | -14,5 |
Publisert: 24.08.2023 19:11
Sist oppdatert: 06.09.2023 13:11