Børsdagen: For varmt for Atlantic Sapphire
Laksen i Florida veks saktare enn venta. Må ha meir kjøling.
Aksjekursen i Atlantic Sapphire fall fra 6,04 til fem kroner straks børsen opna i dag. Då børsen stengt i ettermiddag var kursen 4,955 kroner, ned 15,63 prosent sidan børsen stengte handelen i går ettermiddag.
Årsaka til kursfallet er børsmeldinga Atlantic Sapphire sende ut før børsen opna i dag.
Selskapet har hovudkontoradresse på Vestnes, men driv landbaserte lakseoppdrett ved Miami i Florida i USA.
Der må vatnet kjølast ned for at laksen skal trivast, og i følgje børsmelding har vatnet i anlegget ikkje vore kaldt nok. Konsekvensen er at laksen ikkje har vekse som planlagt. Det er med andre ord færre kilo laks i anlegget enn venta, ifølgje børsmeldinga.
No blir kjølekapasiteten utvida, og kjøleproblema vil vere løyst i løpet av tredje kvartal i år, ventar selskapet.
Dårleg nytt på nytt
Eitt av problema for Atlantic Sapphire i høve til investorane er at dette ikkje er første gang selskapet kjem med uventa og dårleg nytt.
I fjor haust måtte selskapet framskunde slaktinga på grunn av høg dødlegheit og i mars 2021 melde selskapet om auka dødlegheit på grunn av tekniske feil på anlegget.
Også Statt Torsk-kursen fall mykje, det andre større kursfallet på to dagar. Selskapet har leigd inn hjelp for å vurdere korleis selskapet skal drive vidare, ein prosess som kan ende med både kapitalutviding, samanslåing eller sal.
Artikkelen er oppdatert etter at børsen stenger i dag, mellom anna med oversikt over børsutviklinga for selskap på Nordvestlandet.
Børsdagen | ||
Selskap | Kurs i kroner | %-Endring i dag |
Hofseth Biocare | 3,09 | 3,34 % |
Hav Group | 10,15 | 1,50 % |
Hexagon Purus | 18,94 | 0,74 % |
Hexagon Composites | 27,46 | 0,15 % |
Arctic Bioscience | 9,94 | 0,00 % |
Endúr | 39,60 | -0,25 % |
Sparebanken Møre | 76,55 | -0,58 % |
Eqva (tidl. Havyard Group) | 3,07 | -0,97 % |
Havila Shipping | 11,90 | -1,65 % |
Nortel | 26,40 | -2,22 % |
Norva 24 Group* | 25,50 | -2,30 % |
Salmon Evolution | 6,62 | -2,65 % |
Havila Kystruten | 1,20 | -3,23 % |
Golden Energy Offshore Services | 1,08 | -7,69 % |
Statt Torsk | 0,27 | -15,63 % |
Atlantic Sapphire | 4,96 | -18,23 % |
* Kurs i SEK |
Publisert: 08.08.2023 10:52
Sist oppdatert: 08.08.2023 17:04