Meir heider til Bourbon Orca mannskapet
REDNING: Båtflyktningar etter at dei har vorte redda av mannskapet på Bourbon Orca. No får mannskapet tildelt Anette Thommessens Minnepris.
Nytt

Meir heider til Bourbon Orca-mannskapet

Mannskapet på Bourbon Orca får tildelt Annette Thommessens Minnepris for 2015.

17.05.2015
Etter det NETT NO kjenner til vil tildelinga verte formelt offentleggjort måndag, og sjølve utdelinga skje under ei markering på Litteraturhuset i Oslo 20. mai.
Bakgrunnen for pristildelinga er den innsatsen mannskapet på Herøy-båten gjorde då dei redda 1.910 menneske gjennom totalt 15 ulike redningsoperasjonar utanfor kysten av Libya.

FN-møte

Sjølv om mannskapet også måtte sjå at mange av båtflyktningane drukna, var det ikkje noko anna skip som var i nærheita av å redde så mange liv i løpet av 2014 som mannskapet frå Bourbon Orca.
Mannskapet har fått fleire prisar tidlegare, og vart mellom anna kåra til under ei tideling i regi av VG, Gjensidige Stiftelsen og TV Norge.
Mannskapet har også deltatt på eit møte i FN-regi om flyktningsituasjonen i Middelhavet.

Redda, varsla og informerte

Sjølv om ikkje mannskapet har hatt noko ønskje om å ha blest om sin eigen innsats, har mannskapet gjort eit viktig arbeide for å informere og varsle om den desperate situasjonen for båflyktningane i Middelhavet.
Etter det NETT NO kjenner til, er det lagt stor vekt på denne varslingsfunksjonen overfor norske, europeiske og internasjonale styresmakter ved tildelinga av Anette Thommessens Minnepris.
Mannskapet har også samarbeidd tett med Norges Rederiforbund, med direktør Sturla Henriksen i spissen.
Under Ålesundkonferansen 28. april etterlyste Henriksen strakstiltak, og frykta at mange nye flyktningar ville drukne.

- Gode ambassadørar

Henriksen rosa samstundes mannskapet på Bourbon Orca.
- Det desse norske sjøfolka gjorde, står det stor respekt av. Mannskapet på Bourbon Orca er ikkje berre gode ambassadørar for eige selskap, dei er gode ambassadørar for norsk shipping, for Norge og for verda, sa Henriksen.
vart det klart at det vert Siem-skipet Siem Pilot som får oppdraget å bidra i Frintex-operasjonen i Middelhavet. Også Bourbon Offshore var med i konkurransen om oppdraget.
var ein av inititiativtakarane til ein Båt for Vietnam, og starta NOAS ( Norsk Organisasjon for Asylsøkjarar) i 1984, ein organisasjon ho dreiv fram til sin død i 1994..
vart oppretta i 1996 og skal heidre hennar minne og heidre at hennar engasjement for asylsøkjarar vert ført vidare.

Haakon og Mette Marit

Prisen vert gitt til personer, grupper av personar eller organisasjonar som har bidratt til å skape forståing for asylsøkjarar og for flyktningar sin situasjon.
Mannskapet på Bourbon Orca føyer seg inn i rekkja av prisvinnarar som kronprins Haakon og kronprinsesse Mette-Marit. Også filmskapar Margreth Olin frå Stranda har fått prisen.
Mannskapet på Bourbon Orca er ikkje berre gode ambassadørar for eige selskap, dei er gode ambassadørar for norsk shipping, for Norge og for verda

Publisert: 17.05.2015 16:15

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:44