Bente Storhaug Dahl luminell foto Ogne
REKORDÅR: Det siste offentlege reknskapet til Luminell Group blei eit rekordreknskap. Dagleg leiar Bente Storhaug Dahl seier marknaden flatar ut og går litt ned i år. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Merkar seinverknadar av korona

2020 blei eit rekordår for Luminell Group. No merkar selskapet seinverknadane av koronaepidemien.

09.06.2021

Etter å ha auka driftsinntektene med 23 prosent frå 2019 til 2020 og fått eit solid overskot er det utflating og litt nedgang som pregar 2021.

2020 blei eit rekordår for belysningsselskapet Luminell Group i Ålesund, som tidlegare i år blei ein del av Glamox-konsernet.

Luminell lagar belysningløysingar til skip og offshoreinstallasjonar, der det både trengst godt lys og utstyrt som tåler eit tøft miljø.

Dagleg leiar Bente Storhaug Dahl peikar på det er tre årsaker til at veksten stoppa i år, og alle saman heng saman med koronaepidemien:

Smitterverntiltak har forseinka skipsbygging i Tyrkia og Spania, og dermed også etterspørselen etter Luminell-produkt.

Moglege kundar har sett investeringar på vent, fordi koronakrisa har gjort dei usikre på den økonomiske utviklinga.

Reiserestriksjonar har gjort salsarbeidet tyngre. Det er ikkje like lett å rekruttere nye kundar utan å møte dei fysisk.

Storhaug Dahl seier ho håpar marknaden løsnar igjen i løpet av hausten, men reknar ikkje med at koronaeffekten er heilt over før i løpet av første halvår 2022.

Ein del av Glamox
2021-reknskapen frå Luminell Group er den siste frå selskapet.

Arbeidet med å smelte Luminell Group saman med Glamox er allereie godt i gang.

Luminell skal halde fram som eige varemerke, og dei tilsette ha base i Ålesund som i dag, men juridisk blir det ein del av Glamox og ikkje eit sjølvstendig selskap.

Luminell Group as (konsern)
Tal i mill. kroner20202019
Driftsinntekter108,588,2
Driftsresultat10,11,2
Resultat før skatt8,70,1

Publisert: 09.06.2021 15:00

Sist oppdatert: 09.06.2021 15:00

Mer om