Sveinung klakegg terje krovel marianne kvinnesland linda strommen runar debess tor ekroll Sparebanken More foto Ogne Oyehaug
MEST PLUSS: Det går bra for dei fleste bransjar, men nokre har fått det tøffare, viser Sparebanken Møre si ferske vurdering av bransjane den har lånt ut pengar til. Frå venstre (ansvarsområde i parantes); Sveinung Klakegg (industri og energi), Terje Krøvel (leder næringslivsavdelingen), Marianne Kvinnesland (maritim), Linda Strømmen (handel og tjenesteytende), Runar Debess (sjømat) og Tor Ekroll (eiendom og entreprenør). Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Mest optimisme hos Sparebanken Møre

- Overordna ser det ganske positivt ut, seier Terje Krøvel etter at Sparebanken Møre nyleg har vurdert tilstanden til bransjane den har lånt ut pengar til.

07.07.2024

Banken gjer denne bransjevurderinga kvart år, og avdelinga som Terje Krøvel er leiar for, har for kort tid sidan lagt fram konklusjonane for styret i banken. No har han samla dei ansvarlege for dei ulike bransjane til eit møte med Nett No.

Banken har 29 milliardar kroner i utlån til næringslivet og dekkjer heile Møre og Romsdal.

I gjennomsnitt og for dei fleste går det godt, trass kostnadsauke og høge renter - men ikkje for alle bransjar.

Først dei som har det tøffast:

* Bygg og anlegg

- Bygg og anlegg er ikkje friskmeldt, seier Tor Ekroll som er leiar for utlån til bedrifter i eigedom-, bygge- og anleggsbransjen.

Det er brems i salet av nye bustadar, fallande byggeaktivitet, større konkurranse og press på marginane.

Salet av nye bustadar er bremsa betydeleg og særleg utbyggarar med uselde nye bustadar og mange tomter slit med løpande kostnadar, inklusiv rente, ifølgje Ekroll.

Samstundes er bransjen nær eit vendepunkt.

- Vi reknar med at aktiviteten byrjar å ta seg opp i 2025/2026, seier Ekroll.

Då er han redd bransjen får ei ny utfordring - å få tak i nok fagfolk.

Rekruttering er allereie ei utfordring i dag. Nedgangen no gjer at ein del arbeidarar frå utlandet, først og fremst Polen og Baltikum, reiser heim. For dei har kursutviklinga på norske kroner gjort at løna er blitt mindre verdt i deira eigen valuta, samstundes som lønsnivået og etterspørselen etter arbeidskraft har stige i heimlandet. Det gjer at dei kan bli tyngre å lokke tilbake når byggeaktiviteten tek seg opp att. Når bransjen samstundes har ein relativt høg andel norske tilsette som nærmar seg pensjonsalderen, forsterkar det rekrutteringsutfordringa.

Talet på konkursar aukar i bransjen, men er ikkje på eit høgare nivå enn det vi hadde før pandemien. Konkursane i bransjen utgjer omlag ein tredjepart av alle konkursar på landsplan, ifølgje Ekroll.

* Deler av fiskerinæringa

I åra 2007-2025 har norske fiskarar hatt ein kvote på i gjennomsnitt 320 tusen tonn torsk i året. Neste år er rådet at den blir på 148 tusen tonn, anslår banken, etter at havforskarane nyleg kom med kvoteråd for 2025.

- Du må godt tilbake på 90-talet for å finne tilsvarande nivå, seier sjømatansvarleg Runar Debess i banken.

Torsk er det viktigaste fiskeslaget for den såkalla kvitfiskflåten, som fiskar torsk, sei, hyse og liknande fiskeslag. Det foreslåtte kvotekuttet neste år blir det tredje store kuttet på rad. Prisen på torsk stig vanlegvis når kvota krympar, men Debess trur ikkje det blir nok til å unngå at fangstinntektene blir redusert neste år. Prisvekst på andre kvitfiskartar kan kompensere noko, men ikkje nok.

Det blir inga krise for kvitfiskflåten, men likevel så tøft at nokre reiarlag truleg kjem til å be om å få utsett avdrag på lån.

- Vår haldning er at det skal vi dra reiarlaga gjennom. Det trur eg er ei gjengs haldning i alle bankane, seier Debess.

* Varehandel

Frå 2013 har norske forbrukarar brukt meir pengar på tenester (som reiser, konsertar, restaurantar) enn varer. Det snudde under koronapandemien - men berre mellombels.

Dels har folk for ei stund handla frå seg av dyrare varer, som møblar, elektronikk og byggemateriale til oppussing og ombyggingar som vart sett i gang under pandemien. Dels legg høgare renter og prisauke ein dempar på kjøpelysta. I tillegg kjem konkurranse frå nettet og gjer det tøffare for butikkane. Og for daglegvarebransjen er det lavprisbutikkane som har størst vekst, seier Linda Strømmen. Ho er bransjeansvarleg for handel- og tenesteytande næringar.

Så til bransjar med oppsving:

* Reiseliv

Strømmen er også ansvarleg for reiselivsbransjen, som blir rekna som tenesteytande bedrifter.

Vinnarane i fjor var overnattingsbedriftene, som passerte inntektene dei hadde før koronapandemien. Kulturbransjen heng litt etter, men kjem til å passere 2019-inntektene i år, reknar Strømmen med.

Hotell og campingbedriftene nyt no godt av at ei svak kroner har gjort Noreg til eit rimelegare reisemål for utlendingar.

* Skipsverft

I fjor passerte ordreinngangen til norske verft 21 milliardar kroner, opp frå 6,6 milliardar kroner i 2022. Også i år har verfta, med Nordvestlandet som tyngdepunkt, inngått nye kontraktar.

- Dei er få, men dei er store og viktige, seier Sveinung Klakegg om betydninga verfta har for Nordvestlandet. Han er bransjeansvarleg for industri- og energimarknaden.

For verfta har det vore eit veldig oppsving på kort tid. For eitt år sidan hadde Sparebanken Møre sine kundar i skipsbyggingsindustrien ingen nybygg i ordre. Klakegg seier han aldri har opplevd liknande i si tid i banken.

No har banken sine verftskundar 10-11 nybygg i ordre seier han.

Tradisjonelt er det skipsverfta som har hatt den lågaste lønsemda i maritim bransje. No reknar dei i alle fall inn auka marginar i pristilboda sine, fortel Klakegg. At ordreboka er full og at det no er ventetid til 2026/2027 med å få levert nybygg hjelper til med å kunne prise nybygg høgare.

* Offshorereiarlag

Marianne Kvinnesland byrja i Sparebanken Møre ved årsskiftet 2013/2014 for å bygge opp banken si satsing på lån til offshorereiarlaga. Like etter stupte oljeprisen. I staden for vekst vart det krisehandtering, men no er det oppsving igjen.

- Det ser veldig, veldig lovande ut for offshorereiarlaga, seier Kvinnesland.

Reiarane får kort sagt betre betalt for kvar dag skipa deira er leigd ut, og får leigd ut skipa i fleire dagar.

- Ratane byrjar å nærme seg eit nivå som kan gi god nok inntening til å investere i nybygg, seier ho.

Oppsvinget er dels drive av auka etterspørsel frå olje- og gassbransjen der Kvinnesland ventar auka aktivitet fram til 2027, før det sannsynligvis vil flate ut og delvis bli erstatta med aktivitet innanfor blant anna havvind.

Sparebanken Møre har heller ikkje vald å gå ut av utlån til aktørar som arbeider for olje- og gassbransjen.

- Det er viktig å bidra i overgangen til ei meir berekraftig utvikling og ikkje vere prega av svart/kvitt tankegang, seier Kvinnesland.

Samstundes er utlånsportefølja endra sidan i 2014.

Då bestod kundeportefølja utelukkende av reiarar som arbeidde for olje- og gassbransjen. No er andelen av utlåna til offshorereiarlaga med aktivitet inn mot olje og gass 55 prosent, medan fartøy som arbeider for vindkraftbransjen står for knappe 20 prosent. Brønnbåtar til oppdrettsnæringa, som også ligg under Kvinnesland sitt ansvarsområde, står for cirka 25 prosent.

Når reiarlaga vurderer skip no, er det fartøy som kan brukast til fleire oppgåver det er størst interesse for, ifølgje Kvinnesland.

* Eigedom

Medan bygg- og anleggsbransjen slit med verknaden av høgare rente og auka kostnadar, har investorane i eigedom kome seg over rente- og kostnadssjokket.

- No har redselen sloppe taket, seier Tor Ekroll, som også har ansvaret for utlån til eigedomsbransjen.

Eigedomsinvesteringar er svært følsomme for rentenivået, men fleire faktorar forklarar kvifor bransjen likevel er blitt meir optimistisk, ifølgje Ekroll.

Før det første er det forventningar om at rentenivået har nådd ein topp og vil gå ned neste år. For det andre går det stort sett godt for bedriftene på Nordvestlandet, og det er ein "passeleg" balanse mellom etterspørsel og tilgang på ledige lokale. For det tredje har leigekontraktane klausular som regulerer husleiga i takt med prisstiginga. Dette, kombinert med at andelen ledige lokale ikkje aukar, gjer at inntektene stig for eigedomsselskapa.

Men det har blitt dyrare å bygge. Og det er lite sannsynleg at det blir billegare framover, særleg prisen på arbeidskraft ventar banken vil auke.

- Det er nok det som gjer at det blir bygd mindre, at der er vanskelegare å rekne heim (investeringa, red. merk.), seier Ekroll.

Han registrerer og auka merksemd og krav til berekraft og effektive bygg, både frå finansinstitusjonar, investorar, leigetakarar og forvaltarar.

* Deler av fiskerinæringa

Medan fiskarane som fiskar torsk og liknande fiskeslag har fått det tøffare, er tilstanden framleis god for aktørane i fisket etter sild og makrell og liknande fiskeslag, såkalla pelagiske artar. Det gjeld både pris og kvotar.

I den delen av fiskerinæringa byrja dei lønsame tidene før, enn for aktørane i fisket etter kvitfisk, og så langt ser dei ut til å vare lenger også.

Publisert: 07.07.2024 05:00

Sist oppdatert: 06.07.2024 22:07