Vard 4 19 2 CSO Vs
MINST TO SKIP: Skipa blir 87 meter lange og 19,5 meter breie, og vil vere budd for metanoldrift. Om bord vil det vere lugarplass til 120 personar. Illustrasjon: Vard
Nytt

Milliardkontrakt på to nye skip

Vard sikra nytt byggeoppdrag – som også kan utløyse eit skip nummer tre.

Marius Rosbach
18.07.2025

Vard skal bygge to skip for vindkraftindustrien til ein ikkje namngitt internasjonal kunde. Det opplyser verftkonsernet i ei pressemelding fredag. 

Verdien blir omtala å vere ein plass mellom 100 og 200 millionar euro - eller nær 1,2 og 2,4 milliardar kroner. 

Det er berre ei veke sidan Vard annonserte si førre kontrakt - på eit stort forskingsskip - til ein verdi på over to milliardar. 

Eitt til Norge og eitt til Vietnam
Dei nye vindskipa blir 87 meter lange og 19,5 meter breie, og vil vere budd for metanoldrift. Om bord vil det vere lugarplass til 120 personar. Dei er utvikla av designarane til Vard i Ålesund. 

Det første av skipa blir utrusta ved eitt av dei norske verfta på Nordvestlandet, etter at skroget er bygd i Romania. Det skal leverast i midten av 2027.

Det andre skipet blir bygd ved Vard sitt verft i Vietnam og skal leverast året etter. 

Passerer 40 skreddersydde vindskip
Med desse skipa passerer Vard 40 skip som er laga spesielt for «walk-to-work»-operasjonar ved vindparkar, fortel Runar Vågnes som har jobba med den kommersielle delen av kontrakten hos Vard. 

Fartøya blir omtala som CSOV-ar (av engelske commissioning service operation vessels), og skal fungere som plattformar for alle type operasjonar for å drive vindkraftparkar til havs. 

Om bord blir det mellom anna gangvegsystem frå Seaonics, ei 7-tonns 3D-kompensert kran og eit komplett systempakke frå Vard Electro. Innreiinga kjem frå Vard Interiors.

Publisert: 18.07.2025 15:04

Sist oppdatert: 06.10.2025 11:22

Mer om