Cathrine Kristiseter Marti foto Ogne
MEDVIND: Cathrine Kristiseter Marti tok over som toppsjef i Vard i fjor og tok over eit konsernet i medvind - men auka kostnader er framleis ei utfordring. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Første plussresultat sidan offshoreboomen

Inntektene skaut i veret for Vard Group i fjor. Men kostnadsauke tyngde drifta.

Marius Rosbach
18.06.2025

Omsetninga i Vard Group auka kraftig i løpet av fjoråret. Samtidig leverer selskapet sitt første resultat før skatt i pluss sidan 2013. Det viser rekneskapen for selskapet som no er offentleg. 

Driftsinntektene skaut i veret frå 5,9 milliardar til 10,6 milliardar kroner. 

Og ikkje minst: For første gong sidan 2013 leverer selskapet eit overskot før skatt på 207 millionar 

Likevel: Driftsresultatet viser eit minus på 358 millionar kroner – ei forverring frå året før (sjå tabell under).

Vard Group AS  
Tal i mill. kroner20242023
Driftsinntekt10237,25727,0
Driftsresultat-358,3-212,7
Resultat før skatt207,1-87,9

Eigd av italienske Fincantieri
Rekneskapen til selskapet Vard Group viser ikkje heile situasjonen til det største verftskonsernet her til lands. Vard Group offentleggjer ikkje konsernrekneskap. 

Tala i tabellen over fortel difor i hovudsak korleis det går med skipsbygginga på Nordvestlandet.

Vard-sjef Cathrine Kristiseter Marti fortalde til Nett No allereie mot slutten av fjoråret at konsernet låg an til sitt andre plussår på rad

Vard Group er morselskapet i Vard Group-konsernet, som omfattar Vard Søvik, Vard Brattvåg og Vard Langsten på Nordvestlandet, to verft i Romania, eitt i Vietnam og eitt i Brasil.

Verfta på Nordvestlandet er eigd av Vard Group direkte, medan verfta i utlandet er eigd gjennom dotterselskap. I tillegg er Vard Interior, Vard Design, Seaonics og Vard Electro datterselskap av Vard Group.

Vard Group er eigd av det italienske skipsbyggingskonsernet Fincantieri.

Kostnadsauke er ei utfordring
Hovudårsaka til at resultat før skatt endar i pluss, er betydeleg lågare finanskostnader i fjor, ifølgje årsmeldinga. 

'Resultatet er framleis påverka av kompleksiteten til den noverande, svært utfordrande porteføljen med spesialiserte fartøy, som omfattar ulike prosjekter og kategoriar av fartøy under bygging samstundes.

Samtidig blir det påpeika utfordringar med veksten i kostnader for råvarer og materiell. 

Vard opplyser vidare at det er sett i verk tiltak i organisasjonen og operasjonane for å sikre betre lønnsemd framover. 

Vard dap Gramipan Kestrel foto Marius 1
SKIP TIL VINDKRAFTINDUSTRIEN: Vard har framleis tru på etterspurnad av fartøy til vindkraftindustrien. Skipet Grampian Kestrel til North Star-reiarlaget blei døypt ved Vard Langsten i førre veke. Foto: Marius Rosbach

Sikra kontraktar på 17 nye skip
Bakgrunnen for veksten er at Vard har sikra seg ein rekke oppdrag med å bygge nye skip dei siste åra. I løpet av fjoråret leverte konsernet ti skip til saman – fem av desse frå verfta i Norge. 

Vard-konserrnet sikra seg samtidig kontraktar på 17 nye skip – og 12 av desse blir bygd ved verftet deira i Vietnam. 

Ved utgangen av året var verdiane på kontraktane i ordreboka på 23,7 milliardar kroner – for bygging av til saman 37 fartøy. 

Trur på offshore, havvind og forsvarsskip 
Dei neste fem åra ventar selskapet ei auka i etterspurnaden frå både offshore og havvind, skriv styret i årsmeldinga. 

Samtidig blir det påpeika at Vard har ei konservativ haldning til marknaden for nye skip for vindkraftindustrien grunna forseinkingar i fleire utbyggingar. 

Vard ser óg moglegheiter til å skape meir variasjon i porteføljen med ordrar på isbrytarar, forskingsskip og fartøy til det norske forsvaret framover. 

Publisert: 18.06.2025 09:29

Sist oppdatert: 18.06.2025 09:48

Mer om