Kandal kraftverk foto Wikimedia Commons
FINSK EIGAR: Finsk Kraft har kjøpt Kandal Kraftverk. Det er det femte småkraftverket selskapet har kjøpt på Nordvestlandet. Foto: Wikimedia Commons
Nytt

Milliondryss over Kandal

Kandal Kraftverk-eigarane sel til finsk kjøpar.

13.08.2022

Finsk Kraft har kjøpt småkraftverket Kandal Kraftverk ved Breimsvatnet i Gloppen frå Kandal Kraftverk Holding.

Kandal Kraftverk Holding har ti eigarar, ni av dei med adresse i Gloppen kommune. No kan dei inkasser ein gevinst som truleg er over 100 millionar kroner.

Kraftverket har ein produksjonskapasitet på 21 GWh.

Pressemeldinga om avtalen opplyser ikkje noko om kva som er prisen, men då Finsk Kraft i vinter kjøpte Eidsdal Kraft i Fjord kommune, med 23 GWh-kapasitet, anslo NETT NO verdien av kraftverket - før gjeld - til å vere rundt 125 millionar kroner.

Anslaget var basert på opplysningar om marknadsprisen per kilowatt-time i slike avtalar. No har prisen på slike avtaler stige.

Prishopp
Då Tryggestad Kraft på Hellesylt vart seld til Finsk Kraft i 2020 var småkraftverk verdsette til 4-5 kroner per kilowatt-time. I vinter var prisen passert fem kroner per kilowatt-time, og no er den oppe i rundt 6,5 kroner.

Med den prisen er Kandal Kraftverk verdsett til 136 millionar kroner - før gjeld.

Kandal Kraft hadde 5,5 millionar kroner i driftsinntekter og eit resultat før skatt på 1,2 millionar kroner i fjor. Gjelda var på 23,4 millionar kroner ved årsskiftet.

Største aksjonær er Kandal Kraft Holding er Jon Inge Kandal (23,603 prosent). Dei andre eigarane er i følgje proff.no; Per Kandal (15,957 %), Erling Vanberg (12,012%), Helge Mykland (10,779 %), Arve Kandal (10,456%), Aksel Rygg (10,189%), Jostein Fuglestrand (6,99%), Paul Nygård (5,679%), Oddrun-Karin Midtkandal (3,007%) og Atle Løvland (1,328%).

Kandal Kraftverk skal drivast av selskapet Cadre, som også driv Finsk Kraft sine andre kraftverk i Noreg.

Leigeavtale
Avtalen mellom Finsk Kraft og seljarane følgjer den vanlege modellen for slike transaksjonar.

Finsk Kraft leiger fallrettane for ein lang periode, ofte 40-60 år. Seljarane får betaling med ein gang, og i tillegg ei leige på 10-20 prosent av driftsinntektene kvart år i avtaleperioden. Når avtaleperioden er omme fell fallrettane tilbake til eigarane.

- Med dagens krevande kraftprisar i vårt område er vi glade for å ha fått inn ein ny eigar som er industriell, langsiktig og med solid likviditet seier styreleiar Jon Gimmestad i Kandal Kraft Holding i pressemeldinga.

Saler av Kandal Kraft er det andre kraftverksalet frå Kanadal på to år.

I 2020 kjøpte selskapet Småkraft 51 prosent av aksjane i Ytre Kandal Kraftverk. Det kraftverket har ein produksjonskapasitet på knappe 20 GWh. Småkraft er eigd av utanlandske investeringsselskap og fond.

Publisert: 13.08.2022 05:00

Sist oppdatert: 12.08.2022 20:27

Mer om