Prishopp på småkraftselskap
Verdset småkraftverk i Eidsdal til rundt 125 millionar kroner.
Eigarane av Eidsdal Kraft har seld seg ut, til selskapa Cadre i Kristiansand og Finsk Kraft.
Partane opplyser ikkje prisen i pressemeldinga om handelen, men NETT NO anslår at kraftselskapet blei verdsett til rundt 125 millionar kroner - før gjeld.
Då Tryggestad Kraft på Hellesylt vart seld til Finsk Kraft i 2020 var småkraftverk verdsette til 4-5 kroner per kilowatt-time.
Les også
Prisauke
I dag er over fem kroner per kilowatt-time, ifølgje meklar Finn Lundstedt i Krafthuset, eit selskap som har spesialisert seg på kjøp og sal av småkraftverk.
Kraftverket i Eidsdal har ein gjennomsnittleg årsproduksjon på 23 GWh, som tilseier ein verdi på 115 millionar kroner (ved fem kroner per kilowatt-time) og 127 millionar kroner ved 5,5 kroner per kilowatt-time.
Kraftverket hadde åtte eigarar før salet; Egil Berge (16,7 prosent), Knut Ståle Berge (33,4 prosent), Geir Vidar Strand (10,3 prosent), Per Helge Nakken (4,2 prosent), Wenche Berge (16,7 prosent), Kirsti Pernille Indreeide (7,7 prosent), Kåre Andre Berge (6,2 prosent) og jan Trygve Veiberg (4,8 prosent).
Fleirtal for sal
Tidlegare dagleg leiar Egil Berge seier fleire av eigarane har etterkomarar som ikkje ønskjer å vidareføre gardsdrifta.
Det er årsaka til at eit fleirtal ønskte å selje i staden for å halde fram som eigarar i kraftselskapet.
Som grunneigarar har dei leigd ut fallrettane i 60 år. Deretter vil dei falle tilbake til dagens eigarar eller deira etterkomarar.
Vanleg modell
Modellen som er er brukt ved salet av småkraftselskapet i Eidsdal er den mest vanlege modellen som blir brukt i slike handlar, i følgje Lunsted.
Seljarane får ein sum for sjølve kraftverket og leiger i tillegg ut fallrettane, gjerne for 40 til 60 år, og får også betalt for det.
Prisen for å leige fallrettar utgjer mellom 10 og 20 prosent av driftsinntektene til kraftselskapet.
I 2020 hadde selskapet Eidsdal Kraft ei gjeld på 42 millionar kroner.
Publisert: 03.02.2022 13:04
Sist oppdatert: 03.02.2022 13:05