Toril hovdenak foto mrfylke 11
RÅR TIL STØTTE: Administrasjonen ved fylkeskommunedirektør Toril Hovdenak har vurdert kva prosjekt politikarane bør tildele støtte. Foto: Møre og Romsdal fylkeskommune
Nytt

Milliondryss til forsking i næringslivet

Skipsdesignselskap, fiskebåtreiarlag og utstyrsleverandør er på lista over dei som fylkeskommunedirektøren vil gi pengar.

Marius Rosbach
04.12.2024

Kompetanse- og næringsutvalet skal torsdag ta stilling til kva prosjekt som skal få støtte gjennom ordninga med sokalla kvalifiseringsprosjekt i fylket. 

Fylkeskommunedirektøren foreslår at ti prosjekt får støtte på ein halv million kroner kvar (sjå liste under).

Politikarane skal med andre ord dele ut i alt fem millionar kroner i denne omgang, etter at dei delte ut eit tilsvarande beløp tidlegare i år. 

Skipsdesign, fiskeri og CO2-fjerning
Blant søkjarane finn vi vidt ulike søkarar. Blant dei er skipsdesignselskapet Skipsteknisk i Ålesund som skal gjere ei kartlegging av den optimale posisjonen til ein asimut-propell.

Nordnes-reiarlaget i Giske skal utvikle støtteverktøy for raudåtefiske basert på satellittbilde og havmodellar. 

MMC First Process skal utvikle ein måte å fjerne CO2 effektivt for å sikre betre vasskvalitet og fiskehelse. 

Mellom krava til slike kvalifiseringsprosjekt, er at arbeidet skal ha eit tydeleg innovasjons- og forskingsinnhald. Søkjaren må vere lokalisert i fylket og dei prosjektansvarlege må sjølv dekke minst 50 prosent av kostnadene. 

Tydelege og relevant mål og at prosjekt kan gi regional verdiskaping er blant andre kriteria, ifølgje saksutgreiinga i sakspapira til møtet

Desse meiner fylkeskommunedirektøren bør få støtte: 

  • Tjeldbergodden Rensefisk AS - Sirkulærproduksjon av mikroalger i næringsrikt fiskeoppdrett-avløpsvann
  • Skipsteknisk AS - Systematisk kartlegging av optimal posisjon for asimutpropellar
  • Runde Forsking AS - Interaksjoner mellom sjøkabler og biodiversitet
  • Møreforsking - Ny teknologi for høsting av stort kamskjell som forskningsverktøy
  • Blue CTRL AS - Data-based methods to assess the fuel and emission reduction potential
  • Møreforsking - Enhancing the production and the nutritional profile of yellow mealworms
  • SINTEF Nordvest - Bruk av sidestrøm fra omega-3 industrien som karbonkilde for mikroalger
  • Sperre Air Power AS - Simuleringsmodeller for salgskonfigurator
  • Nordnes AS - Beslutningsstøtte for raudåtefiske basert på satellittbildedata og havmodeller
  • MMC First Process AS - Effektiv CO2-fjerning for å sikre bedre vannkvalitet og fiskehelse

I tillegg kom det inn søknader frå følgjande søkjarar, som fylkeskommunedirektøren rår politikarane til å avslå: 

  • Scanprod AS - Økt verdiskaping fra klippfiskrygger av sei, brosme og lange
  • NTNU - Early identification of growth-stunted fish with nephrocalcinosis based on histology
  • Brødrene Sperre AS - Industriskala produksjon av fiskefarse fra klippfiskrygg
  • Karlsøybruket AS - Kunnskapsstatus for hydrolysat til petfood
  • ÅKP AS – Legasea - Gjøsund Hamn - nasjonal hub for landing og foredling av marint restråstoff.
  • Reksund AS - Utvinning og bruk av enzymer fra fiskeensilasje
  • Karlsøybruket AS - Storskala rensing av saltlake
  • Scanprod AS - Teknologi for transport av tørkevogner i klippfiskindustrien

Publisert: 04.12.2024 09:55

Sist oppdatert: 04.12.2024 19:40

Mer om