Nytt
Millionsatsing for å sikre seriøst arbeidsliv
Fleirtalet av fylkespolitikarane vil lage eigen modell for Møre og Romsdal. Fylkeskommunedirektøren meiner tiltaket er «lite formålstenlig» og ei «forsterka byråkratisering».
Marius Rosbach
25.11.2020
Fleirtalet i fylkesutvalet i Møre og Romsdal vedtok på sitt møte måndag at fylkeskommunen skal utvikle sin eigen modell for å sikre eit seriøst arbeidsliv.
– Modellen skal legge til rette for lokale leverandørar, samt ha eit system for å sikre at seriøsitetskrava blir følgt opp, heiter det i som blei fremma av Per Vidar Kjølmoen (Ap) på vegner av seg sjølv, Tove-Lise Torve (Ap), Kristin Sørheim (Sp), Jan Ove Tryggestad (So) Yvonne Wold (SV), Carl Johansen (MDG), Pål Farstad (V) og Randi Walderhaug Frisvoll (KrF).
Dei ber om at fylkeskommunedirektøren kjem tilbake med ei sak om dette.
Fleirtalet har også lagt inn éin million kroner til å opprette ei stilling som «koordinator for seriøst arbeidsliv» i sitt forslag til økonomiplan i åra framover.
Høgre og Framstegspartiet sine representantar i fylkesutvalet stemte i mot.
I saksutgreiinga konkluderer fylkeskommunedirektør Ottar Brage Guttelvik med at det ikkje er behov for eit slikt tiltak og at det har vore lite problem med useriøse aktørar i Møre og Romsdal.
Han viser til at fylkeskommunen allereie har forplikta seg til å følgje eigne seriøsitetskrav, og at dei tilsette både på samferdsel og bygg- og eigedomstenestene nyttar store ressursar på å sikre at desse blir følgde.
– Det vurderast som lite formålstenleg å innføre eit tredje kontrolltiltak i form av ein LO-koordinator/eit ombod for Møre og Romsdal fylkeskommune. Fylkeskommunedirektøren vurderer dette også som ei forsterka byråkratisering av kontroll/oppfølgingsprosessane – særleg i byggesakene, heiter det i .
Desse kontrollane har ifølgje Guttelvik avdekka «noko mindre avvik». Dei som ikkje er lukka raskt, er meldt til Arbeidstilsynet.
– Dei avvika vi har avdekka så langt har ikkje vore vurdert som så alvorlege at Arbeidstilsynet har sett grunn til å aksjonere, skriv fylkeskommunedirektøren i si oppsummering.
– Modellen skal legge til rette for lokale leverandørar, samt ha eit system for å sikre at seriøsitetskrava blir følgt opp, heiter det i som blei fremma av Per Vidar Kjølmoen (Ap) på vegner av seg sjølv, Tove-Lise Torve (Ap), Kristin Sørheim (Sp), Jan Ove Tryggestad (So) Yvonne Wold (SV), Carl Johansen (MDG), Pål Farstad (V) og Randi Walderhaug Frisvoll (KrF).
Dei ber om at fylkeskommunedirektøren kjem tilbake med ei sak om dette.
Fleirtalet har også lagt inn éin million kroner til å opprette ei stilling som «koordinator for seriøst arbeidsliv» i sitt forslag til økonomiplan i åra framover.
Høgre og Frp stemte mot
Fleirtalet gjekk dermed mot anbefalinga frå administrasjonen, som vende tommelen ned for tiltaket.Høgre og Framstegspartiet sine representantar i fylkesutvalet stemte i mot.
I saksutgreiinga konkluderer fylkeskommunedirektør Ottar Brage Guttelvik med at det ikkje er behov for eit slikt tiltak og at det har vore lite problem med useriøse aktørar i Møre og Romsdal.
Han viser til at fylkeskommunen allereie har forplikta seg til å følgje eigne seriøsitetskrav, og at dei tilsette både på samferdsel og bygg- og eigedomstenestene nyttar store ressursar på å sikre at desse blir følgde.
– Lite formålstenleg
Guttelvik påpeikar også at kontrollutvalet jobbar med å følgje opp krava – spesielt innan bygg- og anlegg.– Det vurderast som lite formålstenleg å innføre eit tredje kontrolltiltak i form av ein LO-koordinator/eit ombod for Møre og Romsdal fylkeskommune. Fylkeskommunedirektøren vurderer dette også som ei forsterka byråkratisering av kontroll/oppfølgingsprosessane – særleg i byggesakene, heiter det i .
Har avdekka «noko mindre avvik»
I krava ligg det mellom anna at store kontraktpartnarar skal levere månadleg rapport. I tillegg blir det gjort større kontrollar kvart halvår.Desse kontrollane har ifølgje Guttelvik avdekka «noko mindre avvik». Dei som ikkje er lukka raskt, er meldt til Arbeidstilsynet.
– Dei avvika vi har avdekka så langt har ikkje vore vurdert som så alvorlege at Arbeidstilsynet har sett grunn til å aksjonere, skriv fylkeskommunedirektøren i si oppsummering.
Les også:
Synspunkt:
Dei avvika vi har avdekka så langt har ikkje vore vurdert som så alvorlege at Arbeidstilsynet har sett grunn til å aksjonere
Publisert: 25.11.2020 13:11
Sist oppdatert: 07.04.2021 19:53