Silda mot slutten god fart paa kolmula 10d736c24b54623aee7c17f28e13399c 1
BETRE PRIS: Betre betaling meir enn kompenserte for nesten halverte loddekvotar ved Island i år. Christina E (biletet) er ein av båtane som var med på årets sesong. Foto: Kjetil Haanes.
Nytt

Mindre fisk, meir pengar

Loddefangst for 310 millionar ved Island for norske fiskarar i år.

21.02.2023

Loddekvoten norske fiskarar kunne fiske ved Island i år var nesten halvert i høve til i 2022, men prisauken gjorde at fangstverdien likevel auka, frå 292 til omlag 310 millionar kroner.

I år har nesten all lodde blitt levert til konsum. Det gir ein betre pris enn når fangsten går til produksjon av mjøl og olje, slik som i 2022.

No er loddefisket ved Island over for norske fiskarar, med båtane Christina E og Sunny Lady frå Herøy blant dei siste som leverte, ifølgje Norges Sildesalgslag.

Mest på Island
Heile den norske kvota på Island, 48.380 tonn er fiska, med 6,40 kroner som gjennomsnittleg kilopris.

Neste etappe i loddefisket er Barentshavet, der kvoten er på 37.150 tonn.

Den første loddefangsten i Barentshavet blei tatt utanfor Nordkapp på søndag av fiskebåten Piraja, skriv Norges Sildesalgsalg i sin siste vekerapport om fiskets gang.

Laget ventar at loddefisket i Barentshavet vil kome i gang rundt månadsskiftet, når lodda er så langt utvikla at den er betre for rognpressing, som gir betre pris.

I fjor gjekk storparten av lodda i Barentshavet til konsum, og Norges Sildesalgslag ventar det vil vere tilfelle også i år.

Marknad i vekst
Sjømatanalytikar Finn-Arne Egeness i Nordea seier etterspørselen etter lodde som menneskemat har vore stigande i fleire år, sjølv om det er variasjonar frå år til år etter kor store loddekvoten er.

- Vi har sett ein klar trend, at ein stadig større andel har gått til konsum. Det har vore ein trend sidan årtusenskiftet, seier Egeness.

Det er Asia og Aust-Europa som er hovudmarknaden for lodde direkte til menneskeføde.

Publisert: 21.02.2023 15:10

Sist oppdatert: 21.02.2023 15:17