Mowi Asgeir Hasund og Sølve Kiviranta 10d736c24b54623aee7c17f28e13399c 10d736c24b54623aee7c17f28e13399c
EGGESBØNES: Betre resultat for Mowi i region vest, her ved regiondirektør Asgeir Hasund og fabrikksjef Sølve Kiviranta. Foto: Kjetil Haanes
Nytt

Mindre sjukdom og høgare prisar

God utvikling for Mowi i region vest, men slit framleis med amøbellesjukdom.

09.11.2022

Mowi-konsernet rapporterer om rekordhøge inntekter i tredje kvartal på totalt 1 257 millionar euro. Selskapet oppnådde eit operasjonelt driftsresultat på 240 millionar euro, samanlikna med 131 millionar euro i same kvartal i fjor.

No vil aksjonærane få eit utbyte på totalt 880 millionar kroner, tilsvarande 1,70 kroner aksjen. Utbytet for tredje kvartal tilsvarar 50 prosent av det justerte resultatet per aksje.

Slakta mindre i vest
Også i region vest var det ei positiv utvikling i kvartalet. Denne regionen dekker heile området frå Gulen i sør til Aukra i nord, inkludert lakseslakteriet på Eggesbønes.

I denne regionen vart det i kvartalet slakta 21.409 tonn laks, litt ned frå 23.014 tonn i same kvartal i fjor. Men nedgangen skuldast mindre dødelegheit og ikkje så mykje tidleg slakting som i fjor.

Dobla innteninga per kilo
Samstundes har lakseprisen auka kraftig, slik at operasjonelt driftsresultat i tredje kvartal enda på 51,4 millionar euro, opp frå 27,9 millionar euro i same kvartal i fjor.

Operasjonelt driftsresultat per kilo slakta laks kom på 2,40 euro, ei dobling frå tredje kvartal i fjor.

Mowi skriv i kvartalsrapporten at det i regionen har vore mindre dødelegheit og auka vekst, men at ein likevel har hatt problem med ambøgegjellesjukdom i enkelte anlegg. Denne sjukdomen gjer at laksen får respirasjonsvanskar og mindre matlyst. Selskapet har difor bokført tap på 2,2 millionar euro i dødelegheit, ned frå 2,8 millionar euro året før.

I praksis står vi overfor ei overføring av verdiar fra kystsamfunna til sentrale strøk vi aldri tidlegare har sett
Ivan Vindheim

- Distriktsfiendtleg forslag
I kvartalsrapporten tek Mowi også eit oppgjer med regjeringa sitt grunnrenteframlegg på 40 prosent, eit framlegg som Mowi karakteriserer som famøst.

Konsernsjef Ivan Vindheim viser til at havbruksnæringa er i distrikts- og framtidsnæring, som Norge har hatt som mål om å vekse.

- Eit skattenivå på 62 % vil derimot sparke bein under disse ambisjonane. Dramatisk auka skattekostnader for næringa vil gå på kostnad av framtidige investeringar og føre til at utviklinga av landets nest største eksportnæring og ikkje minst viktigaste distriktsnæring stoppar opp. I praksis står vi overfor ei overføring av verdiar fra kystsamfunna til sentrale strøk vi aldri tidlegare har sett, seier han i ei børsmelding.

Stansar invsteringar
Selskapet opplyser at inntil berekraftige skatte- og rammevilkår kjem på plass har Mowi stansa alle framtidige strukturelle investeringar i Norge.

- Mowi er eit globalt selskap, og laks kan produserast over heile verda. Til sjuande og sist handlar det berre om kostnader. Dersom regjeringas skatteforslag blir ståande, trur eg Norge over tid vil miste sin leiande posisjon innan havbruk.

- Utviklinga vil skje i andre land nærmare marknadene og med betre rammevilkår, seier Vindheim.

Publisert: 09.11.2022 10:27

Sist oppdatert: 09.11.2022 10:53

Mer om