Mowi Folkestad 10d736c24b54623aee7c17f28e13399c
STØRRE KOMMUNALE INNTEKTER I VENTE: Volda kommune fekk 1.994.035,73 kroner frå Havbruksfondet i fjor. Biletet viser Mowi sitt anlegg på Folkestad. Foto: Kjetil Haanes
Nytt

Kommunane får meir

Ny oppdrettsskatt aukar inntektene til oppdrettskommunane.

28.09.2022

I fjor haust vart det utbetalt totalt 1 milliard kroner frå Havbruksfondet fordelt på 140 laksekommunar.

Vinnaren på Nordvestlandet var Kinn og Stranda, med høvesvis 17,1 millionar og 7,1 millionar kroner.

Møre og Romsdal fylke fekk 9,7 millionar, Vestland fylke 26,6 millionar.

Med den nye skatten Ap/Sp-regjeringa vil legge på oppdrettsnæringa blir det meir til oppdrettskommunar og -fylke.

Gevinst til oppdrettskommunar
I fjor ble det betalt ut omlag ein milliard kroner frå Havbruksfondet til i alt 140 kommunar og fylke. Pengane blir fordelt etter ein nøkkel der kommunane/fylka med fleste oppdrettsanlegg får mest.

Inntektene til Havbruksfondet kjem frå statens sal av nye konsesjonar til å drive oppdrett og frå ei produksjonsavgift som utgjer omlag 500 millionar kroner årleg.

Produsjonsavgifta er ei stabil inntekt, men inntektene frå sal av nye konsesjonar vil svinge mykje frå år til. Miljøproblem som mellom anna lakselus har gjort at styresmaktene har lagt sterke restriksjonar på veksten i havbasert oppdrett.

Grunnrente

Den ekstraordinære gevinsten av å kunne hauste av felles naturressursar blir kalla grunnrente.

Skatt på slike gevinstar blir kalla grunnrenteskatt.

Regjeringa vil innføre grunnrenteskatt på 40 prosent for oppdrett og vindkraftanlegg på land, i tillegg til å auke grunnrenteskatten for vasskraftproduksjon frå 37 til 45 prosent.

Grunnrentegevinsten for oppdrettsnæringa skal reknast ut frå spotprisen i finansmarknaden for laks og ut frå salspris for aure.

Ein halv milliard ekstra
I den nye systemet foreslår regjeringa at produksjonsavgifta aukar til 750 millionar kroner og ein ny naturressursskatt blir sett til 750 millionar kroner. Til saman blir det 1,5 milliardar kroner.

Les høyringnotatet her. Svarfristen for høyringa er 4. januar 2023.

Både produksjonsavgifta og naturressurseskatten blir ein del av grunnrenteskatten, ikkje eit tillegg til grunnrenteskatten.

Det viktige for oppdrettskommunane i samband med innføring av ein grunnrenteskatt for oppdrett er at inntektene frå produksjonsavgifta og naturressursskatten skal fordelast etter fordelingsnøkkelen til Havbruksfondet.

Samanlikna med i fjor blir det ein halv milliard kroner meir til fordeling mellom oppdrettskommunane. Fordelen, sett frå desse kommunane og fylka si side er og at inntekten frå oppdrettsnæringa vil svinge mindre enn med dagens system.

Inntil 3,8 milliardar
Regjeringa vil innføre grunnrenteskatten frå neste år og anslår at den vil gi mellom 3,65 og 3,8 milliardar kroner i ekstra skatteinntekter. Regjeringa vil at dei minste oppdrettselskapa skal sleppe grunnrenteskatt. Kor store ekstra skatteinntekter grunnrenteskatte vil gi kjem an på kor mange av dei mindre oppdrettselskapa som skal sleppe grunnrenteskatten.

1,5 milliardar av dei ekstra skatteinntektene skal altså gå rett inn i kassa til oppdrettskommunar og fylke.

I tillegg vil regjeringa fordel ytterlegare 325 millionar kroner av grunnrenteskatten til alle kommunar i Noreg, slik at kommunar/fylke får i alt 1,8-1,9 milliardar kroner i ekstra inntekter frå grunnrenteskatten. Resten skal gå inn i statskassa.

Publisert: 28.09.2022 11:12

Sist oppdatert: 28.09.2022 11:12