Oslo børs montasje hofseth flakk foto ogne
PÅ BØRS: 20 selskap på Nordvestlandet har børsnoterte aksjer og/eller obligasjonslån. Roger Hofseth (t.v.) og Knut Flakk var mellom dei som fekk auka inntekter og dårlegare lønnsemd i fjor, med høvesvis Hofseth Biocare og Hecagon Composites. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Vekst fjor, men ikkje i lønsemda

Og i år er det børsnedgang for fleirtalet av selskapa i nordvest.

10.04.2022

ANALYSE

Sett frå Oslo Børs var det vekst for selskapa på Nordvestlandet i fjor, men lønsemda samla sett gjekk ned.

20 selskap med adresse på Nordvestlandet er børsnotert eller har børsnoterte obligasjonslån. For tre av dei mindre selskapa manglar rett nok 2021-tala (sjå tabell), men dei er for små til å endre mykje på konklusjonen:

Driftsinntektene steig med omlag 17 prosent. Resultat før skatt i høve til driftsinntektene gjekk ned frå 20 til 18 prosent.

I reknestykket har vi halde offshorereiarlaget Havila Shipping utanfor, fordi milliardoverskotet selskapet hadde før skatt i 2020 (sjå tabell) skuldast ei refinansiering, ikkje at sjølve drifta vart lønsam.

(saka held fram under tabellen)

Børs-selskap på Nordvestlandet
Tal i mill. kroner
Selskap Driftsinntekt Resultat før skatt
2021 2020 2021 2020
Ekornes 4318 3482 338 178
Hexagon Composites 3542 3080 -295 -56
Fjord1 2869 3118 134 207
Norva24 2025 1523 80 145
Sogn og Fjordane Energi 1644 1090 145 220
Tafjord Kraft 1630 1091 415 149
Sparebanken Møre* 1527 1507 833 734
Sparebanken Sogn og Fjordane* 1274 1159 827 557
Hav Group 917 643 89 20
Havila Shipping 546 706 56 1213
Hexagon Purus 507 53 -340 -273
Smartcraft 271 196 49 52
Nortel 97 34 -35 -26
Hofseth Biocare 88 69 -124 -102
Ørskog Sparebank* 76 70 31 23
Havila Kystruten 45 0 -133 -55
Arctic Bioscience 22 21 -43 -23
Salmon Evolution 12 1 -33 -17


Golden Energy Offshore Services**
Havyard Group**
SUM 23431 19863 4015 4966
Atlantic Sapphire (i dollar)176-133-52
*For bankane er tala i kolonna driftsinntekter samla inntekter
**Blir oppdatert når tala for 2021 er klare.

Sju i minus
Sju av selskapa gjekk med underskot i fjor. Det er dei same som i 2020; Hexagon Composites, Hexagon Purus, Nortel, Hofseth Biocare, Havila Kystruten, Arctic Bioscience og Salmon Evolution.

Med unntak av Hexagon Composites har underskotselskapa det til felles at dei i ein utviklingsfase, der kostnadane normalt er langt større enn inntektene. Nokre har vore i ein slik fase lenge, som Hofseth Biocare som foredlar avskjær og restråstoff av fisk. Andre har knappast hatt noko å selje enno , som det landbaserte oppdrettselskapet Salmon Evolution).

Underskotselskapa har og det til felles av alle aukar inntektene frå 2020 til 2021, eit teikn på at det går rette vegen.

Ti selskap betra lønsemda si i fjor. Fire av dei gjekk rett nok med underskot men underskotet vart redusert frå 2020 til 2021.

I pluss utan Purus
Underskotet i Hexagon Composites skuldast at selskapet er storaksjonær i Hexagon Purus, som tidlegare var ein del av Hexagon Composites.

Utan Hexagon Purus går Hexagon Composites i pluss, viser proforma regnskapstal. Hexagon Composites lagar drivstofftankar- og system for naturgass. Hexagon Purus gjer tilsvarande for hydrogen, i tillegg til å lage batteripakkar.

Selskapa som medverkar mest til å løfte lønsemda mest i fjor er møbelprodusenten Ekornes, kraftprodusenten Tafjord Kraft og bankane Sparebanken Møre og Sparebanken Sogn og Fjordane.

At kraftprodusenten Sogn og Fjordane Energi ikkje er mellom dei med stor auke i lønsemda skuldast at selskapet bomma i korleis selskapet brukte finansinstrument for å sikre inntektene sine, og fekk ein smell trass i høge kraftprisar.

Offshore-optimisme

Medan reknskaptala fortel korleis det har gått, fortel kursutviklinga hos selskap med børsnoterte aksjar korleis investorane i aksjemarknaden ventar det skal gå framover.

(saka held fram under tabellen)

Aksjekursutvikling hittil i år
SelskapEndring i %
Golden Energy Offshore Services 82,67 %
Hexagon Purus 56,48 %
Havila Shipping 44,93 %
Hav Group 16,23 %
Salmon Evolution 6,40 %
Sparebanken Møre 0,79 %
Hexagon Composites -2,25 %
Havyard Group -3,31 %
Arctic Bioscience -13,76 %
Havila Kystruten -15,65 %
Smartcraft -15,88 %
Atlantic Sapphire -21,42 %
Norva24 -29,48 %
Nortel -32,73 %
Hofseth Biocare -33,33 %

Blant selskapa på Nordvestlandet er det tre som skil seg ut med ein kraftig opptur på børsen sidan årskiftet. Det er offshorereiarlaga Golden Energy Offshore Services og Havila Shipping og Hexagon Purus.

Hos offshorereiarlaga steig optimismen mot slutten av året i fjor, og smitta etterkvart over på investorane. Offshoreflåten i opplag krympar, ratene stig og kontraktane blir lenger.

For Hexagon Purus er det potensielt store batteripakkar-kontraktar som har løfta kursen.

Podium

E14/S2 Børs med Christian Pritchard og Tore Tønseth

Publisert: 10.04.2022 05:00

Sist oppdatert: 22.04.2022 09:50

Mer om