Petter Leon Fauske MMC First Process Aqua Nor 2021 foto Ogne
ÅRETS BEDRIFT: Administrerande direktør Petter Leon Fauske i MMC First Process. Bedrifta var tysdag til årets bedrift i Møre og Romsdal. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

MMC First Process kåra til «Årets bedrift»

– Ei solid anerkjenning til alle tilsette, seier Petter Leon Fauske om heidersutmerking.

Marius Rosbach
14.03.2023

MC First Process i Fosnavåg og Skodje blei tysdag tildelt prisen «Årets bedrift 2022» i Møre og Romsdal.

Det opplyser fylkeskommunen i ei melding.

Det er politikarane i kultur-, næring- og folkehelseutvalet som gjorde eit samrøystes vedtak om å dele ut prisen til bedrifta som har avdelingar på Digernes i Ålesund og Mjølstadneset i Herøy.

Stor vekst
– Dette er først og fremst ei solid anerkjenning til alle tilsette for jobben som blir gjort, og som gode ambassadørar. Det er for oss ei stor ære å motta ein slik pris, som inspirerer til å halde fram med å ta samfunnsansvar og ha stort engasjement i å utvikle havbruksnæringa, uttaler Petter Leon Fauske, CEO i MMC First Process i meldinga.

Selskapet har hatt kraftig vekst dei siste åra, og gått frå ei omsetning på kring ein halv milliard, til éin milliard kroner. Bedrifta har 226 tilsette og 216 av desse jobbar på Sunnmøre.

– Sterk rolle i regional næringsutvikling
Utvalsleiar Marit Nerås Krogsæter seier at verksemda si solide vekst, sterke rolle i regional næringsutvikling, internasjonalisering, miljøprofil og organisasjonsstrategi gjer MMC First Process til ein verdig prisvinnar.

– Selskapet har ei sterk rolle i regional næringsutvikling og er ei drivkraft for innovasjon og nyetablering, utaler Krogsæter.

Delast ut på fylketinget
Fylkesprisen Årets bedrift skal gå til ei bedrift som på ein eller fleire måtar har utmerka seg.

Fylkesordførar og leiar av kultur-, næring- og folkehelseutvalet vil overrekke prisen ved opninga av fylkestinget 24. april 2023.

Publisert: 14.03.2023 15:50

Sist oppdatert: 14.03.2023 15:56

Mer om