MMC First Process og Marel-samarbeid
Skal skape meir foredling og større verdiar ut av makrellen.
MMC First Process på Sunnmøre og den børsnoterte islandske matindustri-utstyrsprodusenten Marel går saman om eit samarbeid som skal løfte foredling av makrell i Noreg opp på eit meir lønsamt nivå.
- Det er ei forlenging av det pelagiske løftet som ikkje har kome enno, sier MMC First Process-sjef Petter Leon Fauske til NETT NO, og siktar til arbeidet for å auke bearbeidingsgraden av makrell i Noreg, som starta i 2015.
Lærer av oppdrett og kvitfisk
Målet til MMC First Process og Marel er å utvikle produksjonsanlegg som fileterer og bearbeider makrellen til ulike typar forbrukarklare produkt, samstundes som produksjonsprosessen blir meir automatisert og kvaliteten på fisken aukar. I tillegg vil vidareforedling i Noreg sikre råstoff til industrien som bearbeidar innmat og avskjær frå fisken til mellom anna omega 3-, beinmjøl- og proteinprodukt.
Fauske seier dei skal lære av det som er gjort i oppdrettsnæringa og i kvitfiskenæringa (torsk og liknande fiskeslag). Der er det utvikla ei rekkje forbrukarklare produkt, medan standardproduktet for makrell er 20 kilos kasse med fryst makrell.
Heilårsindustri
Marel lagar bearbeidingsmaskiner til foredlingsbedrifter både i kjøt-, kylling- og fiskeindustrien.
MMC First Process er ein såkalla systemintegrator, som set saman bearbeidingsmaskiner med handteringsutstyr som gjer at du får eit komplett anlegg som både bearbeidar og transporterer fisken gjennom anlegget.
(artikkelen held fram under)
I dag er norsk makrellindustri sesongbasert, seier Fauske. Marel /MMC First Process-samarbeidet har mellom anna som må å legge grunnlaget for ein heilårsindustri, som bearbeider fryst råstoff gjennom heile året.
Samarbeidsavtale
Avtalen mellom MMC First Process og Marel er ein rein samarbeidsavtale, seier Fauske.
Begge partar set av tid og folk til å utvikle foredlingsanlegg, i første omgang for makrell, men med globale ambisjonar, ifølgje ei felles pressemelding frå dei to selskapa.
Publisert: 09.03.2021 10:00
Sist oppdatert: 09.03.2021 11:52