Molde-utbyggjar frikjent
Bustadkjøparar kravde 12,8 millionar kroner i erstatning, men tapte i retten.
John Wiig Nordby er frifunnen i erstatningssaka som 19 bustadeigarar i Kringstad Terrasse reiste mot han.
Dei ville ha erstatning for feil og manglar, mellom anna vasskadar.
Wiig Nordby var styreleiar og dagleg leiar i selskapet Kringstadvegen 1, som bygde leilegheiter ved Kringstadbukta, vest for Molde sentrum. Han var også medeigar i selskapet. Kringstadvegen 1 var eit selskap som eigde og sto for utbygginga.
I oktober 2022 vart det opna konkurs i selskapet, og saksøkjarane meinte Wiig Nordby i si rolle hadde handla "erstatningsbetingende uaktsomt» og dermed var personleg erstatningspliktig etter at utbyggingsselskapet gjekk konkurs.
Saksøkjarane må betale
Retten er ikkje samd med saksøkjarane. Wiig Nordby er frifunnen og dei 19 saksøkjarane må dekkje Wiig Nordby sine sakskostnadar på 418.000 kroner.
"Retten har dels kommet til enkelte av erstatningskravene ikke er i behold på grunn av foreldelse, og dels at Nordby ikke har opptrådt erstatningsbetingende uaktsomt som aksjonær, styreleder og daglig leder i Kringstadveien 1 A. Dette gjelder for de ulike fasene i byggeprosjektet, både under byggeprosjektet og under håndteringen av fremsatte reklamasjonene. Retten har videre kommet til at Nordby ikke har opptrådt erstatningsbetingende uaktsomt på annen måte, ved organisering, drift og forvaltning av selskapet, samt under rettsprosessen. John Wiig Nordby skal etter dette frifinnes.", heiter det i dommen.
Seniorbustadar som spesiale
Wiig Nordby bur i Oslo, men har drive med eigedomsutvikling i Molde i fleire år, med bygging av såkalla seniorbustadar som spesiale.
I Kringstadbukta 1-prosjektet vart det imidlertid konflikt og søksmål, først mot selskapet Kringstadvegen 1 og deretter mot Wiig Nordby personleg, etter konkursen. I søksmålet mot selskapet var kravet seks millionar kroner i prisavslag
Publisert: 12.03.2024 13:49
Sist oppdatert: 12.03.2024 13:51