Tingretten Molde
RETTSAK: Dei omstridde bustadane i Molde var ferdig i 2016. Neste veke startar rettsaka i tingretten i Molde, der kjøparane krev tidlegare dagleg leiar og styreleiar for for over 12 millionar kroner. Foto: Domstoladministrasjonen
Nytt

Tosifra millionkrav mot Molde-utbyggar

Utbyggingselskapet gjekk konkurs. Styreleiar er saksøkt.

09.01.2024

John Wiig Nordby er saksøkt av 19 medeigarar i bustadprosjektet Kringstadvegen 1 i Molde. Kravet er i alt på 12,8 millionar kroner i erstatning for feil og manglar, mellom anna vasskadar.

Wiig Nordby var styreleiar og dagleg leiar i selskapet Kringstadvegen 1, som bygde leilegheiter ved Kringstadbukta, vest for Molde sentrum. Han var også medeigar i selskapet, ifølge databasen Proff. Kringstadvegen 1 var eit selskap som eigde og sto for utbygginga.

Hevdar styreleiar handla aktlaust
I oktober 2022 vart det opna konkurs i selskapet, og saksøkjarane meiner Wiig Nordby «har opptrådt erstatningsbetingende uaktsomt» og dermed er erstatningspliktig, ifølgje sluttinnlegget frå advokat Cathrin Myre Skram i Tinde Advokatfirma i Ålesund.

Skram representerer dei 19 saksøkjarane. Sluttinnlegget er partane si oppsummering av saka, til retten, før rettsaka starta.

Det er sett av tre dagar til rettsaka, i Møre Tingrett i Molde neste veke.

Har drive bygging av seniorbustadar
Wiig Nordby bur i Oslo, men har drive med eigedomsutvikling i Molde i fleire år, med bygging av såkalla seniorbustadar som spesiale, ifølgje Romdals Budstikke.

«Jeg er best i byen på dette, og skal fortsette med det», sa han til Romsdal Budstikke om sine seniorprosjekt i Molde i eit intervju i 2015.

I Kringstadbukta 1-prosjektet vart det imidlertid konflikt og søksmål, først mot selskapet Kringstadvegen 1 og no mot Wiig Nordby personleg, etter konkursen. I søksmålet mot selskapet var kravet seks millionar kroner i prisavslag, ifølgje Romsdals Budstikke.

«Nordby har som styreleder og daglig leder trenert saken mot sameiet og krevd saken utsatt gjentatte ganger før selskapet meldte oppbud. Nordbys håndtering av den rettslige prosessen har påført seksjonseierne ytterligere økonomisk tap», skriv Myre Skram i sluttinnlegget.

Ifølgje sluttinnlegget vart det tatt ut utbytte frå selskapet, etter at tvisten med kjøparane av leilegheitene oppsto.

Grunnlause krav
Wiig Nordby avviser kravet. Det er korkje snakk om avsvarsgrunnlag eller årsaksamanheng, ifølgje sluttinnlegger til Wiig Nordby sin advokat, Reidar Mogstad i Larhammer Aarseth Advokatfirma i Molde.

«Det foreligger ingen holdepunkter for at Nordby kan lastes personlig for eventuelle feil begått av totalentreprenøren eller dennes underentreprenører. Det foreligger ingen uaktsomhet fra Nordbys side, hverken knyttet til valg at totalentreprenør eller i senere oppfølging av denne», skriv Mogstad i sluttinnlegget.

Wiig Nordby meiner ifølgje sluttinnlegget også at omfanget av manglar er overdrive, at reklamasjonar vart utbetra undervegs - og at motparten ikkje har reklamert innanfor gjeldande fristar.

Publisert: 09.01.2024 10:32

Sist oppdatert: 09.01.2024 10:32

Mer om