Mowi Asgeir Hasund og Odd Emil Ingebrigtsen
EKSPORTHOPP: Fiskeri- og sjømatminister Odd Emil Ingebrigtsen er strålande fornøgd med sjømateksporten hittil i år. Spesielt dreg laks opp. Her er Ingebrigtsen saman med regiondirektør Asgeir Hasund i Mowi. Foto: Kjetil Haanes
Nytt

Mot ny solid sjømatrekord

Hittil i år er det eksportert sjømat for 84,7 milliardar kroner.

05.10.2021

Det tilsvarer til ein vekst på 10 prosent samanlikna med same periode i fjor.

– Dette er det sterkaste kvartalsresultatet gjennom tidene, og no tyder alt på at 2021 blir eit rekordår for norsk sjømateksport, seier administrerande direktør Renate Larsen i Noregs sjømatråd i ei pressemelding.

I tredje kvartal utgjorde eksporten 31 milliardar kroner, ein auke på 33 prosent samanlikna med kvartalet i før.

Larsen viser til at ei gradvis gjenopning av marknadene har gitt eit løft i etterspurnaden etter norsk sjømat og bidrege til veksten i tredje kvartal.

Den gjeldande eksportrekorden vart sett i 2019, då det vart eksport for 107,2 milliardar kroner. Når dei første ni månadene i år er lagde bak oss, har det vorte eksportert for 8,6 milliardar kroner meir enn dei første ni i rekordåret.

– Fornøgd
– Det er gledeleg at norsk sjømateksport held fram den gode utviklinga, og at verdiveksten er spreidd over ei rekkje artar og produkt, seier fiskeriminister Odd Emil Ingebrigtsen (H).

Han seier han er fornøgd med at sjømatnæringa har komme seg gjennom koronakrisa.

– Forholda bør liggje til rette for vidare vekst i eksporten, og eg ønskjer heile denne fantastiske næringa lykke til vidare, seier Ingebrigtsen.

Asiatisk vekst
Laks og makrell er blant enkeltartane som har bidrege mest til veksten i år, men kongekrabbe og snøkrabbe har òg notert seg for rekordar, ifølgje Noregs sjømatråd.

– Når det gjeld marknadene, har det vore størst vekst i eksporten til Asia der land som Kina, Sør-Korea og Thailand for alvor har fått opp auga for norsk sjømat. I tillegg ser vi ei svært hyggjeleg utvikling til USA og Italia, seier Renate Larsen.

Veksten i tredje kvartal, som kom etter ein litt treg start på året, har gått kraftig opp trass i at krona har svekt seg.

Publisert: 05.10.2021 11:10

Sist oppdatert: 05.10.2021 11:14

Mer om