DSC01430
NÆRINGSTEFTVINNARAR: Fagerli-lærarane Andreas Holmström og Andrea Langva i Motivic Labs i Næringsteft-sigeren blir kunngjort. Medgrunnleggarane er David Brohede og Torstein Vik.Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Motivic Labs vann Næringsteft

Førstepremien er ein million kroner og grunnleggarane planlegg kapitalutviding.

10.03.2022

Andreas Holmström, Andrea Langva, David Brohede og Torstein Vik i Ålesund i Motivic Labs har utvikla eit undervisningsopplegg for matematikk, som kombinerer kunstig intelligens i dataskapt virtuelt landskap.

I dag vann dei Næringsteft 2021/2021, der førstepremien er ein million kroner.

Næringsteft er Sparebanken Møres gründerarrangement, der deltakarane får kursing i ideutvikling og bedriftsetablering i tillegg til at dei er med og konkurrerer om pengepremiar. Sesongen 2021/2022 er den femte i rekka.

Matematikkinteresserte
Målgruppa til Motivic Labs er matematikkinteressert elevar og skular som vil bruke undervisningsopplegget i undervisninga. Tilbodet er abonnementsbasert og målet er at undervisningopplegget skal vere kommersielt tilgjengleg i løpet av eit halvt år og ferdig utvikla til neste vår.

- Vi skal lage ein plattform for matematikkundervisning i form av eit landskap. Den er basert på ein ide som er pilotert på Fagerlia (vidaregåande skule ,red. merk) , seier Andrea Langva, ein av dei fire medgrunnleggarane og medeigarane i Motivic Labs.

Kapitalutviding
- No skal vi først gjere den millionen enda større ved å henta inn enda litt meir kapital, så viss det er nokon som er interessert i å investere pengar så går det an å ta kontakt, seier Langva.

Kor stor kapitalutvidinga skal bli vil ho førebels ikkje kommentere.

Fem Næringsteft-deltakarar var med i konkurransen om førtstepremien.

Dei fire andre får 250.000 kroner i premie. Det er:

Lillian Bigton Nygård i Sula med Syportalen Lillifix, eit selskap som driv nettbasert opplæring i sying.
Hanne Suorza i Sykkylven med selskapet Mestre. Mestre skal gjere det lettare å leve med helseplager og belastningar i livet, ved å gjere lett tilgjengleg kunnskapen om korleis plagene og belastningane kan mestrast.
Roger Gjersvik på Averøy med selskapet Roge, som har patentert ein industrimansjett som service- og vedlikeholdsoperasjoner enklare og meir effektive.
Håvard Bjerkelund og Tord Eirik Bøe frå Frei med selskapet Thac. Thac brukar resirkulert materiale i produksjon av ammunisjon.

Publisert: 10.03.2022 20:28

Sist oppdatert: 11.03.2022 08:55

Mer om