Fem vidare i Næringsteft
Fem Næringsteft-deltakarar vidare til finale. Les kven som er med i konkurransen om ein million kroner.
Under Sparebanken Møre sin investorkonferansen Børs og Bacalao torsdag skal fem deltakarar presentere seg frå scenen, før vinnaren av Næringsteft-arrangementet 2021/2022 blir kåra.
Næringsteft er både eit opplæringsarrangement og ein konkurranse mellom gründerer og idemakarar. Vinnaren får ein million kroner i premie som hjelp på vegen mot å etablere ei levedyktig bedrift.
Tysdag blei fem av dei 15 semifinalistane som går vidare plukka ut.
Dette er finalistane:
Lillian Bigton Nygård i Sula med Syportalen Lillifix, eit selskap som driv nettbasert opplæring i sying.
Les også
Hanne Suorza i Sykkylven med selskapet Mestre. Mestre skal gjere det lettare å leve med helseplager og belastningar i livet, ved å gjere lett tilgjengleg kunnskapen om korleis plagene og belastningane kan mestrast.
Andreas Holmström, Andrea Langva, David Brohede, Torstein Vik i Ålesund med Motivic Labs. Motivic Labs kombinerer kunstig intelligens i dataskapt virtuelt landskap for å lære brukarane matematikk.
Roger Gjersvik på Averøy med selskapet Roge, som har patentert ein industrimansjett som service- og vedlikeholdsoperasjoner enklare og meir effektive. Slik mansjettar blir brukt for å verne maskiner og utstyr mot støv og smuss medan dei blir brukt i produksjonen.
Håvard Bjerkelund og Tord Eirik Bøe frå Frei med selskapet Thac. Thac brukar resirkulert materiale i produksjon av ammunisjon.
Publisert: 08.03.2022 18:57
Sist oppdatert: 08.03.2022 21:13