Mowi Folkestad 10d736c24b54623aee7c17f28e13399c
SKAL UTNYTTE KAPASITETEN BETRE: Mowi-amlegg ved Folkestad i Volda. Ved å la fisken vekse seg større i lukka anlegg før den blir sett ut i sjøen skal Mowi auke kapasiteten i sjøanlegga utan å auke mengda fisk.
Nytt

Mowi varslar kraftig vekst

Skal auke produksjonen frå 500.000 til 600.000 tonn i året på fem år.

26.09.2024

Mowi presenter sitt vekstmål på ein såkalla kapitalmarknadsdag i dag, der verdas største lakseoppdrettselskap møter investorar og analytikarar og fortel om status og planar framover.

Begrensningar for kor mykje oppdrettslaks oppdrettselskapa kan ha i sjøen gjer at dei i liten grad kan auke kapasiteten ved å bygge større og fleire anlegg.

Satsar på postsmolt
I staden kan dei mellom anna la laksen vekse seg større i lukka opplegg på land, før den blir sett ut i sjøen. Det reduserer tida frå laksen blir sett ut i sjøen til den har nådd slaktevekt. På denne måten aukar produksjonskapasiteten, utan at det blir meir fisk i sjøanlegga.

Det er mellom anna denne metoden Mowi vil satse på for å auke produksjon opp til 600.000 tonn i året innan 2029.

Les børsmelding her

La om planen
Postsmolter namnet som blir brukt på laks som blir ståande i lukka anlegg på land lenger enn tida det tek å nå 80-100 gram, som er den vekta laksen vanlegvis har når den er klar for å settast ut i sjøen.

Selskapet OFS i Måløy er eitt av selskapa som satsar på postsmoltproduksjon. Den opphavlege planen var å drette opp fisken i selskapet sitt landbaserte anlegg, fram til slakting. Men selskapet ventar no at det er større lønsemd i postsmoltproduksjon.

Publisert: 26.09.2024 07:34

Sist oppdatert: 26.09.2024 07:34