Sommerpatrulje
SOMMARPATRULJE: Frå venstre Lars Oskar Vik, Kristine Roald, Siri Vik Bakken, Marthe Drabløslid Hjelle, Stian Kvalsund, Kent Rogne, Svein-Ivar Sætre. Foto: LOs sommarpatrulje
Nytt

Mykje bra - men stor infosvikt om verneombod

40 bedrifter på søre Sunnmøre fekk besøk av LOs sommarpatrulje. Mykje var bra, med eitt unntak.

07.07.2021

Det var måndag at bedriftene fekk besøk av sju deltakarar frå LOs sommarpatrulje.

Oppsummeringa går på at det er altfor dårleg informasjon frå mange av bedriftene til tilsette om kven som er verneombod, eller om det i det heile er gjennomført val av verneombod.

17 med svikt
I ei pressemelding vert det opplyst at 17 bedrifter hadde tilsette som ikkje hadde fått informasjon eller oppslag på arbeidsplassen om kven som er verneombod.

Ifølgje LOs sommarpatrulje viser dette at mange arbeidsgivarar ikkje veit kva reglar som gjeld, eller ikkje har god nok fokus på helse, miljø og sikkerheit på arbeidsplassen.

Det vert slått fast at alle bedrifter skal ha verneombod, og at verneombodet skal vere valt blant dei tilsette og skal representere kollegaene sine interesser vedrørande helse, miljø og sikkerheit på jobben.

Verneomboda skal også ha lovpålagt 40 timar HMS-kurs for å få opplæring i korleis ein skal utføre vervet sitt.

Kontraktar på plass
Utanom dette så var det svært lite å påpeike på søre Sunnmøre, oppsummerer Sommarpatruljen, som seier at dei er utruleg glade for at så mange har kontraktar på plass og lite brot på reglane elles.

Neste stopp for LOs Sommerpatrulje er Ålesund og omegn.

Publisert: 07.07.2021 10:07

Sist oppdatert: 09.07.2021 11:57

Mer om