Myklebust tilsette har faatt tilbake laanet maa vente paa Kleven
OPTIMISME: Dagleg leiar Inge-Jonny Hide ved Myklebust Verft er positiv for 2020. Verftet tente påengar i 2019, for første gong sidan 2014, og har no betalt tiobake lånet frå dei tilsette.
Nytt

Myklebust-tilsette har fått tilbake lånet - må vente på Kleven

I 2017 sa alle Kleven-tilsette ja til lønstrekk for å berge konsernet. No har dei tilsette ved Myklebust Verft fått pengane tilbake. Dei Kleven-tilsette må derimot vente.

02.01.2020
"Der og då var der kanskje få som trudde at ein ville oppleve å få tilbakebetalt desse pengane. Derfor var det ekstra fantastisk å kunne takke for lånet."
Det skriv dagleg leiar Inge-Jonny Hide ved Sande-verftet i ei nyttårshelsing til dei tilsette.
Myklebust Verft-styret vedtok på eit styremøte i haust å betale tilbake om lag 2,7 millionar kroner til dei tilsette ved verftet.
"Utan det gode samarbeidet med våre tillitsvalde i samband med låneavtalen og ikkje minst den store innsatsen og lojaliteten som våre tilsette viste gjennom denne krisa, så hadde situasjonen vore enda meir dramatisk", skriv Hide.

Overskot i 2019

Han opplyser at verftet no tener pengar att.
"Oppsummert blei 2019 eit svært hektisk år og ikkje minst lykkast vi med å lande fleire store kontraktar. Det er også svært positivt at Myklebust Verft igjen tenar pengar – for første gong sidan 2014. Prognosane tyder på eit positivt resultat, godt over det som låg i budsjettet ved årets start," skriv Hide.
Det var i juli 2017 leiinga i Kleven-konsernet og fagforeiningane Fellesforbundet, Tekna, Nito og Forbundet for ledelse og teknikk vart samde om eit lønstrekk på fire prosent for å hjelpe Kleven-konsernet gjennom krisa.
Totalt skulle alle Kleven-tilsette bidra med eit ansvarleg lån på 24 millionar kroner gjennom fast lønstrekk frå og med juniløna 2017 og ut 2018.
Avtalen var at pengane skulle betalast tilbake så fort at konsernet på nytt gjekk i pluss, men tidlegast i 2019.
Avtalen kom i stdan etter at Kleven-familien gjekk inn med friske pengar i eit forsøk på å redde Kleven. Seinare vart verftet overtatt av Hurtigruten, og Myklebust Verft skilt ut frå Kleven.

Må vente på Kleven

Finansdirektør Ola Beinnes Fosse ved Kleven Verft seier at der har dei ikkje starta tilbakebetaling av låna frå dei tilsette.
- Det er ein eigen låneavtale som regulerer dette og som vi forheld oss til. Eitt av krava er at Kleven tener pengar igjen.
Beinnes Fosse seier at for Kleven Verft er det ikkje forsvarleg å betale ut dette i den situasjonen verftet er i no.
- Men vi har god tru på at vi skal få det til med ein eventuell ny eigar på plass og potensielle nye lønsamee kontraktar.
- Ein av dei første tinga vi gjorde etter at vi restrukturerte i 2018 var å stoppe alle lønstrekka, seier Beinness Fosse.
Verftet er i ein salsprosess, og Beinnes Fosse er optimistisk med tanke på å finne ei god løysing.
- Det er ingen ting vi ønsker meir enn å kome i ein posisjon som gjer oss istand til å betale tilbake dette til de tilsette og honorere dei for den fantastiske jobben dei gjer for Kleven.

Eitt til tre årlege nybygg

I nyttårsbrevet er ellles Inge-Jonny Hide optimistisk for 2020, der verftet har ein strategi om eit til tre årlege nybygg og halde fram med å vere eit kombinasjonsverft, men der målet er å dele kapasiteten meir jamt mellom nybygg og ettermarknaden.
For nybygga skal ein i størst muleg grad søkje kjende kundar, kjende design og kjend teknologi.
Til hausten kjem skroget til ein Sølvtrans-brønnbåt til verftet, eit skrog som vert bygt ved Hat-San-verftet i Tyrkia.

Fleire tilsette

Hide opplyser at det ved nyttår var det 134 eigne tilsette ved verftet. talet har auka med 25 i løpet av året. 17 av desse er i produksjonen; 12 fagarbeidarar og fem nye lærlingar.
I tillegg er det tilsett to nye med med byggetilsyn i Tyrkia og verftet har også tilsett nye leiarar innan HR, teknisk, prosjekt, kvalitet og HMS.
"Målet er å tilsetje fleire innan maskin, rør og stålutrustning. Vi søkjer også etter arbeidsleiar og assisterande arbeidsleiar på maskinavdelinga, samt ny innkjøpssjef", skriv Hide.
Det er ingen ting vi ønsker meir enn å kome i ein posisjon som gjer oss istand til å betale tilbake dette

Publisert: 02.01.2020 08:53

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:48