Herøy-reiar Åge Remøy var mellom dei som fekk ordet frå salen under tysdagens folkemøte om formueskatt i Fosnavåg.
Framom ein fullsett sal fortalde han at den årlege rekninga til formuesskatten for han og familien no var på kring 10 millionar årleg.
– Vi er ei solid og god bedrift som det er mogleg å hente pengar frå. For å betale dei ti millionane til staten, må eg hente 17 millionar kroner frå bedrifta. Men sidan eg eig berre en tredjepart, er det ikkje nok. Eg må ta ut 51 millionar kroner, sa Remøy.

Medeigarane slepp formuesskatt
Årsaka til at summen blir tre gongar høgare, er at utbetalinga av utbytte skal bli lik mellom eigarane i Rem Offshore-reiarlaget.
Remøy eig ein tredel, medan svensken Magnus Roth og islendingen Thorsteinn Mar Baldvinsson eig kvar dei andre to tredelane.
Saman har dei bygd opp eit reiarlag med 19 skip i flåten og fleire under bygging. Medan Remøy får rekning på formuesskatt, slepp dei utanlandske eigarane den skatten.
– Eg må betale det inn i det svarte holet eg kallar Oslo. Medan mine to medeigarar som eig to tredelar av bedrifta, kan bruke pengane til å investere i fornuftige ting, sa Remøy vidare.
Ville gjerne brukt pengane lokalt
Remøy bad politikarane ta innover seg at det ikkje er berre å hente ut kring 50 millionar av bedrifta årleg.
Reiarmiljøet i Herøy har vore betydelege økonomiske støttespelarar som har gjort at Fosnavåg har fått alt frå konserthus til badeland og hotell. Med høgare skatterekning blir det meir vanskeleg å få til understreka han.
– Eg skulle gjerne tenkt meg å brukt ein del av desse pengane som går til formuesskatt, til utvikling i lokalsamfunnet her i Fosnavåg og området rundt, sa han vidare.
Om folk bruker noko av pengane dei har betalt skatt av, på bilar og båtar, så gagnar det nokon det óg
– Om å gjere at vi klarer å skape aktivitet
Remøy opplevde at ein del i den lokale handelsstanden hadde laber aktivitet. Han ville gjerne bidra til å snu den utviklinga – i staden for å betale pengane i skatt, understreka han.
– Og om folk bruker noko av pengane dei har betalt skatt av, på bilar og båtar, så gagnar det nokon det óg. Vi skal leve av kvarandre, og det er om å gjere at vi klarer å skape aktivitet i samfunna vi lev i, sa han.
Rem Offshore-konsernet hadde eit svært godt år i fjor, og omsette for nær 1,3 milliarder kroner. Resultatet - etter skatt – var på 342 millionar.
Les også
Publisert: 23.10.2024 13:07
Sist oppdatert: 24.10.2024 01:02