Tysdag kveld var det fullsett sal på folkemøte om formuesskatten i lokala til Ervik & Sævik i Herøy.
Havila-veteran Per Sævik var med som arrangør og var mellom dei som fekk ordet for å fortelje korleis han såg på formuesskatten. Og for dei som skulle vere i tvil, var Sævik tydeleg på at han meiner skatten bør fjernast.
Den tidlegare KrF-politikaren gjekk deretter til frontalangrep på regjeringspartnar Senterpartiet.
– Skal vi kystbuarar ofrast, fordi man skal ta to-tre oppe i Holmenkollen. Det er eigentleg det vi snakkar om, sa Sævik.

Oppmoda partiet om å revurdere standpunkt
Som kjent har partileiar Trygve Slagsvold Vedum vore mellom regjeringas ivrigaste forsvararar av formuesskatten. Sævik lurte på om dei hadde gløymt kvar dei kom frå.
– Når Senterpartiet er med på dette, så bør dei vere klare over at dei er med på å øydeleggje betydeleg med arbeidsplassar, sa Sævik.
Han vende seg til stortingspolitikar Per Olaf Lundteigen som satt fremst i salen, og oppmoda partiet om å revurdere sitt standpunkt.
Viste til utgangspunktet for skatten
Sjølv om Lundteigen ikkje er samd med sin partileiar i eitt og alt, forsvara han formuesskatten. Han gjekk samtidig langt i å gi Sævik rett i at den har negative verknader – som regjeringa burde sjå på.
– Poenget med formuesskatten i si tid, var at det var ein ekstraskatt på ein arbeidsfri inntekt over ein viss storleik, sa Lundteigen til Nett No etterpå.
Om formuen ikkje gir ei slik inntekt, bør vedkomande heller ikkje betale skatten, meiner han. Lundteigen meiner ein bør gå tilbake til utgangspunktet for skatten – og justere den i tråd med det som var hensikta.
– Det er i høgste grad behov for å gjere det, sa han vidare.

Vil behalde skatten – men justerer den
Sp-politikaren meiner det er mykje som kan gjerast for å kome i møte bedriftseigarar som slit med den personlege skatterekninga, utan å fjerne formuesskatten.
Lågare verdsetting av bygg og anlegg i distrikta er eit grep Sp-politikaren ønska seg. For andre kan høgare botnfrådrag vere ei løysing.
Lundteigen gas samtidig uttrykk for at han hadde stor respekt for nøysemda han møtte hos mange bedrifter på Sunnmøre og langs vestlandskysten.
– Det er mange bedriftseigarar som driv langt meir kortsiktig enn sunnmøringane. Dei tek gjerne ut både store utbytter og høge lønningar, og viser liten beskjedenheit, påpeika han.

– Må ikkje ta livet av næringslivet
Lars Oscar Øvstegård var mellom dei som deltok på møtet. Ørstingen vil som kjent saksøke staten fordi han meiner formuesskatten er diskriminerande og strid mot menneskerettane.
I Herøy forsøkte han å halde bodskapen enkel: – Kvifor vel dei på Stortinget å straffe dei som dei burde støtte, spurte han.
Øvstegård som driv med næringseigedom fortalde korleis han ikkje lengre har kapital til å gjere naudsynte investeringar, grunna den auka rekninga til formuesskatt.
– Om vi er glade i landet vårt, må vi ikkje ta livet av næringslivet vårt, la han til.

Ap-politikar bad om å bli trudd
Stortingspolitikar Per Vidar Kjølmoen (Ap) var den andre politikaren i panelet ved sidan av Lundteigen, som ikkje ønska å fjerne formueskatten på arbeidande kapital – slik møtearrangørane vil.
Men Kjølmoen forsikra at han tok med seg innspela han fekk. Han bad også om å bli trudd på at partiet var ope for å sjå på ulike innretningar av skatten.
Men at det gjekk dårleg i norsk næringsliv, var han ikkje samd i.
– Tvert imot går det veldig bra med norsk økonomi, la Kjølmoen til.
Han minna også om at land som har fjerna formuesskatten, gjerne har arveavgift – som er fjerna her til lands – eller langt høgare eigedomsskatt.
Publisert: 23.10.2024 05:00
Sist oppdatert: 23.10.2024 12:23