Maaloey24 blir abonnementsavis 10d736c24b54623aee7c17f28e13399c
TAKK FOR FØLGJET: Stig Elliot hadde omlag 2000 daglege brukarar av Måløy24.
Nytt

Måløy-avis til sals

Stig Elliot ser etter nye eigarar til Måløy24.

26.03.2021

I 14 månader har Stig Elliot arbeidd gratis med å drive nettavisa Måløy24, ved sidan av full jobb og familie, men no seier han takk for seg.

No sto han føre valet om lansere Måløy24 som ei betalingsavis, som kunne få nok inntekter til å finansiere drifta, medrekna å løne arbeidsinnsatsen.

"Det blir for tøft for en mann alene å drive prosjektet videre med fulltidsjobb og familie i tillegg", skriv han i Måløy24.

Større forpliktingar
Elliot har lagt vekt på at lesarane av Måløy24 har visst at nettavisa var eit avis basert på gratisarbeid på fritida.

Ein overgang til abonnementsavis ville vere meir forpliktande, og det blir ei for stor oppgåve, slik Elliot ser det, sjølv om han meiner det er kommersielt grunnlag for ei slik avis.

Over 3000 artiklar og innlegg er publisert den siste tida har nettavisa hatt omlag 2000 daglege brukarar.

Den nye nettsida, med betalingsløysing, er praktisk talt klar for lansering, ifølgje Elliot, men det blir i så fall utan han ved roret.

"Strikken har vært tøyd, men den har holdt. Undertegnede kan ikke love at den holder i 14 måneder til, og det føles ikke riktig å innføre betaling med en slik usikkerhetsfølelse gnagende."

Ser etter nokon som vil ta over
I innlegget, som er det siste Elliot skriv på Måløy24, spør han om det er andre som vil ta over og halde fram.

"Kanskje finnes det noen som vil bygge videre på fundamentet som er lagt og ta over Måløy24? Undertegnede tror dette ville ha vært positivt – både for Måløy og omegn og for den eller de som vil investere tid, penger og krefter i et slikt samfunnsnyttig og givende arbeid.", skriv Elliot.

Publisert: 26.03.2021 15:00

Sist oppdatert: 26.03.2021 14:22