Illustrasjonsfoto kjetil haanes fiskemottak laks 111
Noreg eksporterte 136.054 tonn laks til ein verdi av 10,2 milliardar kroner i juli. Verdien auka med 800 millionar kroner, eller 8 prosent, samanlikna med same månad i fjor, Det var ein vekst i volum på 28 prosent. Illustrasjonsfoto: Kjetil Haanes
Nytt

Månadsrekord for eksporten av norsk sjømat

Nesten dobling til Kina. Aukar også i USA.

05.08.2025

NPK-NTB-Alexander Vestrum: Noreg eksporterte sjømat for 13,9 milliardar kroner i juli, ein auke på 8 prosent frå same månad i fjor. Mykje laks og stor vekst til Kina er dei fremste forklaringane.

I kroner er auken på 1,1 milliard kroner, viser tala frå Noregs sjømatråd.

– Sjømateksporten har lagt bak seg ein verdimessig historisk sterk julimånad. Det kjem først og fremst av høge laksevolum og ein imponerande verdivekst til Kina, seier administrerande direktør i Christian Chramer.

Snart 100 milliardar i år
Hittil i år har Noreg eksportert sjømat for 99 milliardar kroner, same sum som i heile 2018.

– Sjølv om verdshandelen opplever krevjande tider, og at konkurransen i marknaden er tøff, har sjømat frå Noreg ein sterk global posisjon. Det gjeld også midt på sommaren, seier Chramer.

I tillegg til laks og aure var det i juli også vekst for kongekrabbe, reker og snøkrabbe.

Kina 88 prosent opp
Dei største marknadene for norsk sjømateksport i juli var Polen, Kina og USA. Kina hadde størst verdivekst i juli, med ein auke i eksportverdi på 613 millionar kroner, eller 88 prosent, samanlikna med same månad i fjor. Totalt eksporterte Noreg sjømat til Kina for 1,3 milliard kroner i juli.

– Det er først og fremst laks som dreg opp eksportverdien til Kina. Ein kombinasjon av eit rekordstort tilgjengeleg volum, lågare prisar og nye framveksande salskanalar i den kinesiske marknaden bidrog til at den positive utviklinga heldt fram i juli. Kina er no den største vekstmarknaden for norsk laks hittil i år, seier Chramer.

Vekst også til USA
Sjømateksporten til USA framleis å vekse i juli samanlikna med same månad i fjor. Eksportverdien den sjuande månaden i år var 1,1 milliard kroner, ein auke på 17 prosent samanlikna med juli i fjor.

Målt i verdi var USA Noregs største eksportmarknad dei fem første månadene i år, men i juni og juli var verdien av den norske sjømateksporten til Polen og Kina høgare enn til USA.

– I juli var det auke i verdi for laks, aure, kongekrabbe og snøkrabbe til USA, så amerikanarane held fram med å kjøpe store mengder norsk sjømat. Verdiveksten til Polen og Kina har likevel vore endå større. USA er ein prioritert marknad for oss, og vi held fram med å følgje utviklinga knytt til dei auka tollsatsane, seier administrerande direktør Christian Chramer.

Fem på topp
Dette var dei fem største importørane av norsk sjømat i juli målte i verdi:

1. Polen: 1,7 milliard kroner (+23 prosent)

2. Kina: 1,3 milliard kroner (+88 prosent)

3. USA: 1,1 milliard kroner (+17 prosent)

4. Nederland: 897 millionar kroner (-7 prosent)

5. Danmark: 793 millionar kroner (-21 prosent)

Rekordstor vekst for laks

Noreg eksporterte 136.054 tonn laks til ein verdi av 10,2 milliardar kroner i juli. Verdien auka med 800 millionar kroner, eller 8 prosent, samanlikna med same månad i fjor,

Det var ein vekst i volum på 28 prosent.

Publisert: 05.08.2025 07:49

Sist oppdatert: 05.08.2025 07:49