Måtte takle mange utfordringar - betra resultatet
Krig og pandemi har gitt utfordringar for Servi Ulsteinvik, men selskapet betra resultatet i fjor.
Selskapet driv blant anna med montasje, sal og service av hydrauliske anlegg og komponentar, og fekk i fjor utfordringar som følgje av utsette oppdrag på grunn av pandemien, utfordrande logistikk og generell usikkerheit i marknaden.
Likevel betra selskapet resultatet før skatt frå 1,5 millionar kroner i 2021 til 4,3 millionar i fjor.
Driftsinntektene gjekk derimot ned med 11,8 millionar kroner til 100,4 millionar.
Servi Ulsteinvik | |||
Årsresultat (i mill kr) | 2021 | 2020 | |
Driftsinntekter | 100,4 | 112,2 | |
Driftsresultat | 4,3 | 2,7 | |
Resultat før skatt | 4,3 | 1,5 |
Styret skriv i årsmeldinga at det er store utfordringar knytta til råvarer og komponentar. Prisane er også aukande, og det er stor usikkerheit knytt til både leveringstidspunkt og prisar som følgje av pandemien og krigen i Ukraina.
Spesielt vert leverandørsituasjonen karakterisert som utfordrande.
Derimot kan selskapet glede seg over at ein fekk hanka inn fleire utsette kontraktar i starten av 2022, spesielt innanfor Servi si satsing på styresystem og automasjon.
Blant anna har selskapet fått kontrakt på komplett systemleveranse til to nye pelebilar "Rail Rig" for autovernmotering til Storvik/Arvid Gjerde.
Kontrakten gjeld også systemleveranse på mekanikk, hydraulikk, pneumatikk, elektro og automasjonssystem.
I tillegg har selskapet meldt om fleire kontraktar på levering av hydraulikksystem til bølgjekompenserte gangvegar.
Hovedeigar er Servi Group med 70 prosent av aksjane. Trioen Joar Sundgot, Knut Sindre Gjerdsbakk og Kjell Atle Gjæringbø eig 10 prosent kvar.
Selskapet har ein samla eigenkapital på 24,8 millionar kroner, og null i langsiktig gjeld.
Selskapet hadde ved årsskiftet 40 tilsette, men er no oppe i 44.
Publisert: 27.05.2022 05:00
Sist oppdatert: 26.05.2022 23:01