Moere og Romsdal best i klassa til aa skaffe laereplass
MANGE FEKK LÆREPLASS: Fredrik Klock jobbar med byggfaga ved opplæringskontoret Byggopp Møre og Romsdal. Her møter han lærlingar ved Kleven verft. 
Nytt

Møre og Romsdal best i klassa til å skaffe læreplass

Kunnskapsministeren trekk fram bygg- og anleggsbedrifter som forbilde, men lokalt opplæringskontor er uroa for rekrutteringa til delar av bransjen.

Marius Rosbach
05.02.2020
Møre og Romsdal toppar fylkeslista over kor mange søkarar som fekk læreplass i fjor. På dei neste plassane følger Oslo og Rogaland, viser tal frå Utdanningsdirektoratet.
I Møre og Romsdal fekk heile ni av ti (91,3 prosent) læreplass, opplæringskontrakt eller fagopplæring i skole (sjå illustrasjon).
– Vi opplever også at dei aller fleste får plass. Elevane som fullfører utan alt for mykje fråvær og oppfører seg skikkeleg, kjem seg stort sett ut i verda, fortel Fredrik Klock ved Byggopp Møre og Romsdal til NETT NO.

Fekk dekka dei fleste behova

Ved opplæringskontoret jobbar Klock med byggteknikk, ein bransje med stort behov for rekruttering av nye fagfolk.

– Dei fleste medlemsbedriftene våre som ønska folk, fekk stort sett inn det dei trengde, seier han.
Klock fortel at lærlingane har høg gjennomføringsprosent, og at knapt nokon står utan fagbrev etterpå.

Betongfag eit unntak

Betongfag er ei bransje det er ekstra utfordrande å finne søkarar til å dekke behovet. Det same er tilfelle innan måling, murar, ventilasjon og blikk. Også ferdig utdanna fagfolk er etterspurt hos desse bedriftene på Nordvestlandet.
Regjeringa har varsla at dei kjem med ei stortingsmelding, der slike ubalansar mellom rekruttering til yrkesfaga og etterspurnaden i arbeidslivet, er blant det ein skal sjå nærare på.
Den nye kunnskaps- og integreringsministeren, Trine Skei Grande, er likevel nøgd med at bedriftene i bygg- og anleggsbransjen sikra læreplass til 86 prosent av søkarane.
– Det er eit eksempel til etterfølging, og noko alle tener på, seier statsråden i ei frå Kunnskapsdepartementet tysdag.

Les også:


Analyse:


Få vil flytte

Klock ved opplæringskontoret i Møre og Romsdal er uroa for at rekrutteringa for delar av byggebransjen vil bli meir vanskeleg. Han peiker på at fylkeskommunen har eit dilemma med ein pressa økonomi.
Frå hausten er det planlagt å berre ha VG2-tilbod for mur og betong ved Borgund vidaregåande. Klock meiner det ikkje blir eit reelt tilbod for heile fylke.
– Då vil vi stå utan eit slikt tilbod i heile Nordmøre og Romsdal. Ein kan tru og ønske at lærlingar flytter på seg til andre delar av fylke, men i praksis gjer dei ikkje det, men vel heller ei utdanning som er nærare der dei bur, seier han.

Les meir:


Synspunkt:


Kunnskapsministeren: – Ikkje i mål

På landsbasis søkte 28.600 personar om læreplass i fjor, og av desse byrja om lag 22.300 i lære på ein arbeidsplass. Det svarer til at nær åtte av ti fekk tilbod.
– Åtte av ti er gode tal, men vi er ikkje i mål. Det er framleis fleire tusen ungdommar som vil ta fag- og svennebrev, som ikkje får draumen sin oppfylt, fordi det er mangel på læreplassar, uttaler Trine Skei Grande.
I tillegg til at 78 prosent fekk lærekontrakt, fekk tre prosent opplæringskontrakt med ei bedrift. I tillegg starta fire prosent fagopplæring i skulen. Om lag 15 prosent av søkarane stod utan noko tilbod.

Les også:



Ungdomspanelet:


Elevane som fullfører utan alt for mykje fråvær og oppfører seg skikkeleg, kjem seg stort sett ut i verda

Publisert: 05.02.2020 05:55

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:52