Byggeprojekt Nordbohus Ulstein 2023 foto Marius
BYGGESTART: Det vart starta bygging av 217 nye bustadar i Møre og Romsdal i 1. kvartal i år. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Møre og Romsdal eit unntak i bustadmarknaden

Bustadbygginga aukar i Møre og Romsdal, men færre nye bustadar blir selde.

19.04.2023

I første kvartal i 2023 starta bygging av 217 nye bustadar i Møre og Romsdal. Det er 67 prosent fleire enn i 1.kvartal 2022. Også i siste 12-månadarsperiode var det auke, opp fire prosent, samanlikna med førre 12-månadarsperiode.

Møre og Romsdal skil seg dermed klart frå storparten av landet, der det vart starta bygging av færre nye bustadar både i 1. kvartal og i siste 12-månadarsperiode. Landsgjennomsnittet ein ein nedgang på høvesvis 45 og 19 prosent samanlikna med same periode for eitt år sidan, fortel 1. kvartalsstatistikken 2023 frå Boligprodusentenes forening.

- Vi har ikkje målt svakare første kvartal sidan vi starta med målingar i 1999, seier administrerande direktør Lars Jacob Hiim i Boligprodusentenes Forening i ei pressemelding.

Færre sal
Byggestart for fleire bustadar i 1. kvartal fortel at aktivitetsnivået i bustadbyggebransjen framleis er høgt i Møre og Romsdal.

Men statistikken som vart lagt fram i dag viser og at det ligg færre oppdrag og ventar når bustadane som no er under bygging står ferdig, også på Nordvestlandet.

I første kvartal vart det selde 159 nye bustadar i Møre og Romsdal. I siste 12-månadarsperiode er det selde 1045 nye bustadar i fylket. Det er høvesvis 52 og 19 prosent færre enn tilsvarande periode eitt år før.

Salet av nye bustadar på landsbasis gjekk ned med 45 prosent i første kvartal i år mot første kvartal i 2022. I siste 12-månadarsperiode er nedgangen 36 prosent.

Alvorleg situasjon
Sjefen for Boligprodusententes Forening er bekymra, og ventar folk vil misse jobben. Renteauken, høge byggekostnadar og den økonomiske vissa stoppar marknaden for nye bustadar, meiner han.

Det er ein alvorleg situasjon i heile landet, og dei store motorane for bustadforsyninga som Akershus, Trøndelag, Rogaland, Hordaland og Oslo, stoppar opp. No er det krise for næringa og bustadforsyninga i landet. I dei komande kvartala vil dette medføre lågare sysselsetning i byggenæringa, seier Hiim i pressemeldinga.

Publisert: 19.04.2023 14:14

Sist oppdatert: 15.08.2023 14:39