Boligprosjekt Boligbygging Åse januar 2023 foto Ogne
NYBYGGING: Talet bustadar det vart starta bygging av auka i Møre og Romsdal fjerde kvartal i fjor. Det vil halde aktiviteten oppe i byggebransjen ein periode. Også auka sal av nye bustadar dreg opp, men på års- og landsbasis fortel bransjen om ein fallande marknad. Illustrasjonsfoto frå byggeprosjekt på Åse i Ålesund: Ogne Øyehaug
Nytt

Fart i fallande marknad

Bustadbyggestatistikken i Møre og Romsdal peikar både oppover og nedover.

24.01.2023

I fjerde kvartal vart det sett i gang bygging av 398 bustadar i Møre og Romsdal. Det er ein auke på 43 prosent samanlikna med 4. kvartal i fjor.

På landsbasis er det ein nedgang på 20 prosent, først og fremst på grunn av nedgang i folkerike Akershus og Trøndelag.

Også talet på selde nye bustadar gjekk opp frå 4.kvartal 2021 til 4. kvartal i Møre og Romsdal, til 214. Det er ein auke på sju prosent. Landsgjennomsnittet vart minus 41 prosent, der fallet målt i bustadar var størst i Akershus og Rogaland.

Les årsstatistikken frå bransjeorganisasjonen Boligprodusentene her

Svakaste sidan finanskrisa
Sjølv om tala for 4. kvartal er gode, sett frå bustadsbransjen si side, er det ein bransje med ein fallande marknad bransjeorganisasjonen Boligprodusentene fortel om i årsstatistikken for 2022.

For første gang sidan finanskrisa vart det seld under 20.000 nye bustadar i Noreg i fjor. Nedgangen var på 26 prosent.

Det vart starta bygging av omlag like mange bustadar i 2022 som i 2021, men i løpet av andre halvår i 2022 fall talet på bustadar det vart starta bygging av.

Nedgang på årsbasis
Tala for Møre og Romsdal i 2022 samla viser sal av 893 nye bustadar (ned 18 prosent frå 2021) og byggestart for 957 bustadar (ned med 18 prosent frå 2021).

For Sogn og Fjordane er tilsvarande tal for heile 2022 430 nye bustadar selde (minus 33 prosent) og 406 bustadar fekk byggestart (pluss 43 prosent).

Til skilnad frå Møre og Romsdal vart det starta bygging av færre bustadar i 4. kvartal 2022 enn i 4. kvartal 2021 i Sogn og Fjordane: 104 bustadar, ned 64 prosent.

Publisert: 24.01.2023 11:00

Sist oppdatert: 24.01.2023 15:14

Mer om