Møre trafo oversiktsbilde innfelt runar tandstad foto møre trafo 11
VEKST: 2023 blir det sjette året på rad med vekst for Møre Trafo. - Vi er prega av at det er veldig mykje som skal elektrifiserast, seier Møre Trafo-sjef Runar Tandstad.
Nytt

Storkontrakt til Møre Trafo

Har oppjustert budsjettet for 2023. Utvidar med nytt produksjonslokale neste år.

15.09.2023

Nyleg landa Møre Trafo ein kontrakt om å levere utstyret som skal til for at Torghatten sine tre batteriferjer kan lade og trafikkere den 22 kilometer lange ferjestrekninga Lødingen-Bognes i Ofoten.

Seks fulle bilar blei lasta opp og sendt nordover frå Møre Trafo i Sykkylven.

Det er er ei av dei tre største kontraktene i sitt slag som Møre Trafo har inngått, seier Bjørn Lade i Møre Trafo. Dei to andre liknande ferjestrekningane Møre Trafo har levert til er Horten-Moss og Vestnes-Molde.

Oppjustert budsjettet
Ordreinngangen til Møre Trafo er så stor at selskapet har oppjustert budsjettet for i år, seier administrerande direktør Runar Tandstad.

Slik det ser ut no ligg Møre Trafo an til å passere 800 millionar kroner i driftsinntekter i år, som i så fall blir det sjette året på rad med ny driftsinntekt-rekord. I fjor hadde Møre Trafo 573 millionar kroner i driftsinntekter.

Søsterselskapet KL Industri AB i Sverige ligg an til å nå 700 millionar kroner i driftsinntekt i år, ifølgje Tandstad.

Rieve Kapital as (konsern)

Tal i mill. kroner

20222021
Driftsinntekt1029,7874,4
Driftsresultat24,620,3
Resultat før skatt35,225,8

Elektrifisering
- Vi er prega av at det er veldig mykje som skal elektrifiserast, seier Tandstad.

I løpet av får år er talet på tilsette auka frå 140-150 til omlag 180.

I tillegg er det investert i produksjonsutstyr for å auke kapasiteten og neste år er planen å utvide med 3000 kvadratmeter nye produksjonlokale i Sykkylven.

Både Møre Trafo og KL Industri er eigd av Møre Electric Group, som har to aksjonærar; Rieve Gruppen (66 prosent) og Schneider Electric AB (34 prosent).

Rieve Gruppen, med adresse i Sykkylven, er eigd av medlemer av familien Rieve-Kristensen gjennom tre selskap, der Rieve Kapital er størst, med 50,2 prosent av aksjane. Tor Rieve Kristiansen i Ålesund eig 50,98 prosent Rieve Kapital. Han er styreleiar i Møre Trafo og Møre Electric Group.

Publisert: 15.09.2023 14:22

Sist oppdatert: 16.09.2023 01:13

Mer om