Møre trafo oversiktsbilde innfelt runar tandstad foto møre trafo 11
REKORDOMSETNING: Både inntekter og kostnadar auka kraftig frå 2021 til 2022 for den tradisjonsrike sykkylvsbedrifta Møre Trafo og administrerande direktør Runar Tandstad (innfelt). Arkivfoto: Møre Trafo
Nytt

Rekordomsetning for sykkylvsbedrift

Inntektene vaks 21 prosent samanlikna med i fjor, men resultatmarginen synk.

Linn Antonie Vårdal Solheim
18.07.2023

Det familieeigde selskapet Møre Trafo produserer mellom anna transformator- og nettstasjonar, hovudsakeleg til straumnettet i Skandinavia og Norden.

For den tradisjonsrike Sykkylven-bedrifta er det mykje å gjere – men marginane er og forblir marginale.

Omsetningsrekord
Dei siste åra har selskapet sett ny omsetningsrekord nærast kvart einaste år, og 2022 var ikkje noko unntak.

Frå 2021 til 2022 auka salsinntektene med omtrent 100 millionar kroner. Det gjorde kostnadane også - og resultatet før skatt for 2022 landa på 27,3 millionar – slik som året før (sjå tabell under).

Trass i ein omsetningsvekst på 21 prosent, synk resultatmarginen med eit heilt prosentpoeng frå 5,8 prosent i 2021, til 4,8 prosent i 2022.

Tal i millionar kroner
Møre Trafo AS
2022 2021
Driftsinntekter 573,1 473,2
Driftsresultat 27,3 27,3
Resultat før skatt 27,3 27,6

Tilsette får andel av resultatet
Ifølgje nettsidene til bedrifta deler dei årleg ut 10 prosent av resultatet før skatt til dei tilsette i bedrifta. I 2022 svara dette til 2,7 millionar kroner. Bedrifta hadde i følgje årsrekneskapen 167 tilsette fordelt på 163 årsverk.

I 2022 blei det delt ut eit utbytte på 15 millionar kroner frå Møre Trafo til morselskapet.

Møre Trafo er heileigd av selskapet Møre Electric Group. Det er Rieve Gruppen og Scneider Electric som står på eigarsida, med eigardel på høvesvis 66 og 34 prosent.

Publisert: 18.07.2023 05:00

Sist oppdatert: 17.07.2023 22:36

Mer om