Stortingsrepresentant Peter Frølich (H) sitt innlegg om Ukrainakrigen på eit frukostarrangement i Ålesund i førre veka gjorde så sterkt inntrykk på tilhøyrarane at fleire gjekk saman for at også næringslivet på Sunnmøre skulle gi eit bidra til Ukraina i krigen mot Russland.
Det blir ein Sjøbjørn 28, ein litt over åtte meter lang tomotors båt frå Maritime Partner, primært bygd som ein redningsbåt.
Innsamlingsaksjonen skjer i regi av Næringsforeninga.
– Vi kjenner at vi må gjere noko konkret og praktisk, seier dagleg leiar Heidi Nakken i Næringsforeninga.
Vi kjenner at vi må gjere noko konkret og praktisk
Ein slik båt kostar frå to millionar kroner og oppover, alt etter korleis den blir utstyr, fortel dagleg leiar Torstein Heggstad i Maritime Partner.
Maritime Partner byggjer båten til kostpris, og har funne plass inne i byggeprogrammet sitt, slik at målet er at den skal leverast seinast i september i år.
Sterkt inntrykk
Frølich er av stortingspolitikarne som har engasjert seg sterkast i Ukraina si sak
Ved å blande storpolitikk og eigne erfaringar frå engasjementet i organisasjonen Fritt Ukraina, kom han med ei analyse som fikk fleire av tilhøyrarane på frukostseminaret i førre veke til å ta til tårene.
– Det er betre å gjere litt, enn å meine så mykje, sa Frølich.
Drone frå Sykkylven
Frølich er styreleiar for organisasjonen Fritt Ukraina, som blei oppretta i 2022 og så langt har levert utstyr for 350 millionar kroner i støtte til Ukraina forsvarskrig mot Russland.
Båten frå sunnmørsk næringsliv blir gitt gjennom Fritt Ukraina, men Heidi Nakken seier det er sjekka med dei som skal bruke den at dette er ein båt som kan kome til nytte.
Båten som Maritim Partner skal bygge blir ikkje det einaste Ukraina-bidraget frå Sunnmøre.
Dagen før Frølich deltok på frukostseminaret i Ålesund vart han hos droneprodusenten Griff Aviation i Sykkylven, ifølgje NRK.
Griff Aviation vil gi bort ein drone til to-tre millionar kroner. Dronen kan løfte og frakte last på 60 kilo og frakte utstyr fram til fronten tryggare og enklare enn om det skal skje med bil eller til fots.
E1/S3 Den store usikkerheten – lander sunnmørsk næringsliv på beina?
Publisert: 30.04.2025 05:00
Sist oppdatert: 30.04.2025 12:15