Nedtur for kjoepesenter
SLUTT:  Dan Helge Bjørneset har drive leikebutikk i kjøpesenteret i Volda sidan 2006. No er det slutt. Han driv ein tilsvarande butikk på Amfi Moa
Nytt

Nedtur for kjøpesenter

På kjøpesenteret Spinneriet i Volda er det opphøyrssal på Ringo-butikken. Handelen i Volda taper terreng.

26.01.2018
- Senteret for lite, det er for sårbart, seier Dan Helge Bjørneset.
Handelen i Volda har mellom anna konkurranse frå Amfisenteret i Ørsta og eit nyleg kraftig utvida Amfisenter på Nordfjordeid utan at det er gjort tilsvarande investeringar i handelen i Volda. Amfisenteret i Ørsta blei opna i 2006 og utvida i 2009.

Snudde nedover

Bjørneset har vore på plass i Spinneriet sidan opninga i 2006. Frå like etter opninga og fram til for cirka tre år sidan var det bra aktivitet, men i løpet av kort tid var det kroken på døra for to av butikkane i senteret og Posten flytte ut. Det merkast på trafikken i senteret.
No avviklar Bjørneset leikebutikken, samstundes som Kle og Kaffi vegg i vegg (som ektefellen driv) bur seg på flytting. Dermed blir det berre Vinmonopolet og Apoteket att i tredje etasje på kjøpesenteret.

Skal bygge om

Kjøpesenteret i Volda er på cirka 7000 kvadratmeter, med Rema og Intersport som dei to største aktørane. Butikkareala i bygget er eigd av to selskap, Volda Sentrum as og Volda Ullspinneri, der Volda Sentrum er datterselskap av Volda Ullspinneri.
Eigarane arbeider med å slå saman dei to selskapa og finansiere ein ombygging av senteret - spesielt av tredjeetasjen i butikkdelen, seier dagleg leiar Eiliv Peter Halkjelsvik. Han er medeigar saman med fleire medlemer av Halkjelsvik-familien.
Samstundes med omorganisering og ombygging blir det arbeidd for å få inn nye leigetakarar. Målet er å ha alt på plass i løpet av første halvår.

Skaut inn millionarAc

I fjor gjorde eigarane av Volda Ullspinneri om tre millionar kroner i gjeld om til aksjekapital i selskapet og gjekk dessutan inn med tre millionar kroner i ny eigenkapitali følgje Hallkelsvik.


Både Volda Ullspinneri (35.000 kroner) og Volda Sentrum (2,9 millioner) hadde driftsoverskot i 2016, men begge hadde minusresultat før skatt. Nedskrivingar av finansielle anleggsmidlar på 5,7 millionar knytt til refinansieringa av selskapet gjorde at Volda Ullspinneri fekk eit resultat før skatt på minus sju millionar kroner i 2016. Volda Sentrum sitt resultat før skatt blei minus ein million kroner.

Publisert: 26.01.2018 15:51

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:17