Rekneskapane for dei Flakk-eigde hotella på Sunnmøre viser nye underskot for fjoråret. Samtidig viser dei at inntektene held fram å skyte i veret.
– Eg er veldig komfortabel med utviklinga og meiner definitivt at vi er på rett veg, fortel Knut Flakk til Nett No.
Omsetninga gjorde eit nytt hopp for både Hotel Brosundet, Hotel Union Øye og Storfjord Hotel.
Dei samla driftsinntektene steig frå 189 millionar i 2023, til kring 226 millionar kroner i 2024. Samanlikna med omsetninga i 2022, utgjer 2024-tala ei auke på over 70 prosent.
- Sjå resultat-tabellar for hotella under
Årsmeldingane frå hotella fortel alle om auke i romprisane i fjor, spesielt for Brosundet og Øye-hotellet. Samtidig har dei klart å halde belegget oppe og fortel om stor pågang av bestillingar framover.
Øye har auka med 52 prosent i år
I fjor var det Hotel Union Øye i Norangsfjorden med sine nær 50 rom som hadde høgast omsetning i Flakk-konsernet.
Ørsta-hotellet som i snitt hadde 35 årsverk i arbeid i fjor, er på god veg til å sette nye rekordar i år.
– Hittil i år har hotellet omsett for 52 prosent meir enn på same tid i fjor, fortel Flakk som blir oppdatert om utviklinga kvar veke.
Utviklinga skjer etter ei investering på nærare 300 millonar som ga nye rom og suitar, i tillegg til nytt driftsbygg og ny spisesal i glas.
Avskrivingar er mellom årsakene til at 2024-rekneskapen enda med eit nytt underskot – som likevel var langt mindre enn året før (sjå tabell under).
– Vi har framleis store finanskostnader knytt til dei investeringane som er gjort, seier Flakk.
| Hotel Union (Øye) AS | ||
| Tal i mill. kroner | 2024 | 2023 |
| Driftsinntekt | 58,4 | 46,2 |
| Driftsresultat | -1,7 | -8,7 |
| Resultat før skatt | -10,9 | -18,9 |

Restaurantdrifta dreg ned for Brosundet
Hotell Brosundet midt i Ålesund sentrum hadde eit nytt år med vekst i omsetninga. Samtidig blei underskotet forverra samanlikna med året før.
– Hotelldrifta har vore på linje med tidlegare, og fungerer godt, seier Flakk.
Han fortel at resultatet i hovudsak skuldast innlemminga av restaurantdrifta i den nye Sjøbua-restauranten og delvis det tidlegare Apotekergata 5.
– Her har vi hatt full opprydding etter at ting openbart ikkje har fungert så godt som det burde det første hele driftsåret, seier hotelleigaren.
Ifølgje årsmeldinga hadde hotellet 195 tilsette fordelt på 84 årsverk i 2024.
| Hotel Brosundet AS | ||
| Tal i mill. kroner | 2024 | 2023 |
| Driftsinntekt | 112 | 92,6 |
| Driftsresultat | -6,2 | -2 |
| Resultat før skatt | -13,3 | -6,2 |
Vekst og pluss på drifta ved Storfjord
Rekneskapen for Storfjord Hotel på Glomset følgjer i same sporet som systerhotella: Vekst i inntektene og eit nytt underskot før skatt.
Samtidig har hotellet eit pluss på nær fem millionar på driftsresultatet.
Knut Flakk påpeiker at ebitda-resultata (driftsresultat før avskrivingar, renter og skatt, journ. anm.) viser at drifta går betre både ved Storfjord- og Union Øye-hotellet enn det botnlinja viser.
I årsmeldinga for Storfjord blir det vist til at det mellom anna er sluttført investering i nytt båthus i løpet av fjoråret. Dei har også forlenga høgsesongen tidleg vår og sein haust – i tillegg til høgtider som jul og nyttår.
Storfjord hadde 85 tilsette fordelt på 31 årsverk i fjor.
| Storfjord Hotel AS | |||
| Tal i mill. kroner | 2024 | 2023 | |
| Driftsinntekt | 56,2 | 51,3 | |
| Driftsresultat | 4,9 | 1,4 | |
| Resultat før skatt | -1 | -3,2 |
Vellukka satsing mot godt betalande gjestar
Flakk-hotella er samla under paraplyen til Geographic Hotels and Adventures. Selskapet blir no leia av Ludvig Håndlykken Strøm med Erika June Flakk som styreleiar.
I årsmeldinga blir det understreka at strategien om å satse på dei best betalande gjestane, har vore vellukka.
«Selskapet er nå godt posisjonert for videre vekst og ser positive trender i starten av 2025», heiter det om utsiktane framover.
I årsmeldinga kjem det også fram at det blei gjort ei gjeldskonvertering i løpet av fjoråret, som styrka eigenkapitalen i hotellselskapet med knappe 117 millionar kroner.

Kan bli byggestart for rekordinvestering neste år
Flakk-familien jobbar for augneblinken også på høggir med å utvikle eit boutique-hotell i øvste prisklasse i Oslo.
Det skal ligge på den historiske eigedommen St. Olavs gate 32, som tidlegare har husa både Norges Geografiske Oppmåling, Statistisk Sentralbyrå og Statens kunstakademi.
Om alt går etter planen blir det byggestart neste år for det som er den største investeringa til familien nokon gong.
Publisert: 10.07.2025 14:04
Sist oppdatert: 10.07.2025 14:06






